
Den eine knyt seg til FrP, Erik Fosnes Hansen og ei papirkule. Den andre til Kjartan Fløgstad og hans nye historiske roman, Grense Jakobselv.
For dei som ikkje har lese kultursidene i noka avis den siste veka, kan eg kort samanfatte debatten slik: Han dreier seg om kor vidt Fløgstad (og i vidare konsekvens, alle andre forfattarar) skal oppgi kjeldene dei har bygd romanane sine på.
Fløgstad og mange med han meiner at det vil vere mot sjølve naturen til romanen å måtte oppgi kjelder. Eit noteapparat i ein roman? Kva med alt ein har dikta til? Kva med alle dei umedvitne kjeldene ein bygg på?
Eg, for min del, stiller meg ikkje framand til å oppgi kjeldene eg har brukt i ein historisk roman. Eg vil absolutt ikkje oppgi dei i eit noteapparat. Det er trass alt skjønnlitteratur, og så framt ein ikkje har eit særskilt poeng med fot- eller sluttnotane sine (som Silje Fretheim har i Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie eller Susannah Clarke i Jonathan Strange & Mr. Norrell), ser eg ingen grunn til å bruke dei, langt mindre bli pålagt å ha dei.
Og ikkje berre av omsyn til lesinga, men av omsyn til skjønnlitteraturens fridom både som kunstart og som høve til å kome med digt og forbannet løgn i nett den skalaen ein sjølv vil. Det er ikkje sakprosa.
Like fullt er der ein del romanar som beveger seg på knivseggen mellom sakprosa og skjønnlitteratur. Den biografiske romanen, til dømes. Eller den historiske. Eg ser det som meir truverdig om der finst eit etterord i ein historisk roman, der forfattaren seier noko om kjeldene ho har brukt for å konstruere det forgangne universet vi blir tekne med inn i. Dersom eg nyttar sitat vil eg gjerne oppgi ein stad kor desse er henta frå, og dersom eg bygger ein heil roman på til dømes ei bestemt historie eg har funne i ein fangeprotokoll, vil det vere naturleg for meg å oppgi dette i noko slikt som eit etterord.
Men eg er jo historikar. Eg føler med Tore Pryser i hans frustrasjon over å ikkje bli æra for det nitidige arbeidet han sikkert har nedlagt i si forsking.
Når det er sagt har Kjartan Fløgstad publisert eit essay som kom samtidig med Grense Jakobselv der han nemner kva kjelder han har brukt. Det kunne kanskje vere nok?