6. desember 2007

Det gylne kompasset

I likskap med Oda i Bharfot-bloggen, var også eg på verdspremieren av Det gylne kompasset i går, i den store salen på Colosseum kino (der alle fekk gratis, smørvassent popkorn).

Som mange andre, har eg lese og kost meg med alle bøkene i Phillip Pullmans fantasytrilogi Den mørke materien (His Dark Materials), og dette er altså filmatiseringa av den første boka. Eg var litt skeptisk til Nicole Kidman i rolla som Mrs. Coulter, men syntest ho gjorde ein retteleg god (eller skal vi seie vond) figur. Også Lyra vart gestalta på ein god måte, og eg syntest daimonane var flotte. Spesialeffektane var sjølvsagt spektakulære, og meir enn ein gong fekk eg tårer i auga og sug i magen. Spesielt Støvet gjorde inntrykk.

Kritikken mot filmen går på det same som kritikk mot filmatisering av store fantasyromanar alltid går på, nemleg at for mykje blir pressa inn på for liten plass, at det skjer for mykje heile tida og at ein del går tapt i overføringa frå eitt medium til eit anna. Men sånn er det. Dette veit vi. Utan å røpe for mykje, kan eg seie at slutten på filmen er endra i forhold til i boka. Boka endar nemleg på ingen måte lukkeleg. Kanskje er det to grunnar til at filmskaparane har vald denne framgongsmåten: 1. At barn treng håp etter ei kald og kynisk historie, og 2. At dei skal sleppe å lage fleire filmar, dersom den første skulle vise seg å bli ein flopp - noko eg ikkje trur den blir, etter oppmøtet på premieren i går og kritikken i dei fleste avisene.

2 kommentarer:

Oda sa...

Jeg håper det blir flere filmer. Tror heller ikke denne flopper, særlig fordi historien har flere nivåer, så jeg skulle tro den passer for både barn og voksne. Men popcornet igår var virkelig litt smørvassent, der gir jeg deg rett :-(

Aina sa...

Einig!
Når det gjeld popkornet, så var det jo ein hyggeleg gest å gi oss gratis popkorn, om ikkje anna! :)