4. desember 2007

Mesteren og Margarita -

klassikar, satire, samfunnskritikk.
I det noko amputerte VIP-møtet (lesesirkelen Vennar av Iain Pears) mandag som var, for anledninga på Kafé Oslo i Litteraturhuset, vart Mikhail Bulgakovs storverk Mesteren og Margarita diskutert.

Meiningane var delte. Medan nokre av oss (eg) syntest boka var fantastisk - velskriven, underhaldande, intelligent, - stilte andre seg meir tvilande eller endåtil skeptiske til boka. For kva handlar Mesteren og Margarita eigentleg om? Kor seriøs er eigentleg denne boka, som utgir seg for å vere så seriøs (eller som vi utgir for å vere så seriøs)? Kva er poenget? Korfor skreiv Mikhail Bulgakov nett denne boka og ikkje ei heilt anna bok? Og sjølv om det aller meste var velskrive; korfor er teksten tidvis så latterleg dårleg? Er det omsetjinga (eg vil tru den må ta litt av skulda, t.d. heiter då for fanden ikkje "spørgende", heller ikkje i 1995, sjølv om det var i førre århundre) eller er det forfattaren? Desse spørsmåla er ikkje enkle å svare på.

Boka inneheld tre historier. Den første føregår i notid (altså 1920-30-talet i Sovjetunionen): Satan kjem til Moskva med sine urokråker av nokre følgjesvenner og lagar baluba. Den andre historia føregår omkring år 34: Vi møter Pontius Pilatus og Jesjua Ha-Nosri, og seinare Pontius Pilatus åleine medan han angrar på å ha avretta Jesjua. Den tredje historia føregår også i Moskva i "notid", og fortel kjærleikshistoria mellom Mesteren og Margarita. Mesteren er ein forfattar som har skrive ei bok om Pilatus som ikkje blir utgitt, men derimot brent (men det viser seg at manuskript ikkje kan brenne, nett slik manuset til Mesteren og Margarita ikkje kunne brenne, men blei verande i hovudet til Bulgakov og seinare rekonstruert), Margarita er hans elskarinne og trufaste fan, som gjer alt for han og for kjærleiken, endåtil å inngå ein pakt med djevelen.

Korfor var dette så farleg å skrive, då? Vel, i Stalins Sovjet var for det første all religionsdyrking forbode, og dette er ei bok der konsekvensane av å avvise Satans og Guds eksistens blir svært alvorlege. For det andre inneheld boka system- og samfunnskritikk, framført på ein satirisk og svært underhaldande måte, dersom ein likar humoren. For vanlege, norske lesarar av i dag vil mange referansar vere skjult, men for dåtidas sovjetborgarar var det ei heilt anna sak.

Romanen blei aldri utgitt i Bulgakovs levetid. Først 26 år etter hans død, og over 10 år etter Stalins, blei boka utgitt i sensurert utgåve som føljetong. Den fullstendige versjonen kom først ut i 1973, og i Russland er sitat frå denne boka blitt til ordtak, og boka har svært høg status i det russiske samfunnet.

2 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Du setter spørsmålstegn ved oversettelsen av denne boka. Det er en stund siden jeg leste den selv, men husker den som en stor leseopplevelse og reagerte ikke på dårlig språk. Derimot har flere som jeg har diskutert boka med, uavhengig av hverandre, kritisert den norske oversettelsen og sagt at den svenske er mye bedre.
Kanskje jeg burde ta en ny titt på den.

Aina sa...

Ja, du burde jo ha forutsetnader for å avgjere om omsetjinga er god eller ikkje. Skjønt, ei tekstleg samanlikning er jo ikkje lett å få til, så sant ein ikkje meistrar det russiske språk.