6. desember 2007

Morosame, gammaldagse

Eg les ein del av den eldre årgang, og der er det jo ikkje fritt for at underlege, gammalmodige uttrykksmåtar dukkar opp. "Død og pine!" er eit kraftuttrykk som var vanleg før. Hamsun brukar det, og eg har også funne det i eldre, norske omsetjingar av eldre, utanlandsk krimlitteratur. "Herrejemini" er eit anna, utan at eg har noko godt døme på nøyaktig kor eg har det frå.

Eg har også lese ein del rettsreferat frå 1730-talet, og nokre av dei merkelege tyske lånorda ein finn der (som ein må bruke Otto Kalkars Ordbog til det ældre danske sprog (1300-1700) for å tyde) har eg sett igjen hos Sigrid Undset i tekstar frå tidleg nittenhundretal.

Dette er noko av det eg synest er morosamt med å lese årgangslitteratur. Nokre uventa, utdøydde ordformer dukkar opp, og nokre uventa, moderne uttrykksmåtar var allereie etablert.

Ingen kommentarer: