6. juni 2008

Samtidas Solstad

Eit forsvar for Dag Solstads essay om ytringsfridomen kan de lese her. Det er Samtiden-redaktør Cathrine Sandnes som blir intervjua i Klassekampen.

Sjølv har eg det siste nummeret av Samtiden liggande på nattbordet, men har så langt ikkje fått tid til å lese det forhatte essayet til ein av Noregs største forfattarar, og ein av mine største forfattarfavorittar. Eg trur på Cathrine Sandnes, her, berre så det er sagt. Men eg skal lese essayet slik at eg kan gjere opp mi eiga meining.

Og her er forøvrig eit anna godt blogginnlegg, som også forsvarar den utskjelte.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har også lyst til å lese dette omdiskuterte essayet, men har ikke Samtiden. Tror jeg skal ta meg en svingom rundt på huset og se om noen kanskje kan ha det, hvis ikke, må jeg sjekke folkebiblioteket.

Aina Basso sa...

Gjer det, så kan vi diskutere det etterpå :)