9. juni 2008

Eit eige bord å skrive ved

I helga fekk eg meg endeleg eit kjøkenbord, igjen.
Etter tre år i ei såkalla toroms, som eigentleg berre var ei eitt-roms der kjøkenet var flytta inn på stova, slik at stova/ kjøkenet blei trangt og utan plass til kjøkenbord, medan soverommet blei altfor stort, har eg fått meg eit kjøken. Det er eit lite kjøken, men det er eit kjøken, og der er plass til bord.

I går rigga eg meg til.
Eg laga ei kanne java, sette den berbare på bordet, henta ei lefsete skrivebok frå veska.
Så opna eg dokumentet "Romanen" som ligg i ei gul mappe på skrivebordet, under arbeidstittelen "(...)prosjektet". Først las eg. Let meg så smått overraske over det som stod der. Har eg verkeleg skrive dette? Hm. Tja. Ein slurk kaffi. Dette er då ikkje så verst. Hm. Njaa. Skal dette stå slik?
Flikke, fjerne, endre. Neste side.

Så fram med skriveboka. Skal vi sjå...
Her, ja. Dette kan eg bruke. Og dette.
Men sjå her, skal det stå "jakkene, frakkane, støvlane", eller er det meir riktig å ha med "kåpene" også, inni der?

Og slik gjekk nokre timar ved kjøkenbordet.
Ei delhistorie byrjar å tre fram. Men kor skal ho? Og kva skal skje "etterpå"?

6 kommentarer:

Jarle sa...

Ein liten pendant med eit lukke til:

Ny duk (av Olav H. Hauge)

Ny gul duk på bordet.
Og nye kvite ark !
Her må då ordi koma,
her som er so fin duk
og so fint papir!
Isen la seg på fjorden,
so kom fuglane og sette seg.

Aina sa...

Takk for det, Jarle (og Olav H.)!

Mahaliali sa...

Det var et flott dikt! Minner meg om at jeg desverre må levere inn haugeboka på biblioteket før Inkassoen kommer å tar meg. Han er allerede venta

Aina sa...

Høyrte rykter om at det gjekk an å ringe dei for å prøve å forlenge lånet litt ekstra. Berre til orientering :) Gøy på badestranda i går, då?

Mahaliali sa...

Absolutt, men helveteskø tilbake. Tror vi sto i en/en og en halv time før vi kom med båten...

Aina sa...

Oj.
Då var det like godt eg ikkje blei med. Hadde ikkje rukke tilbake til 16, då, nei.