6. mai 2008

Ronnie M.A.G. Larsen

I går var eg på lanseringa til den andre debu-tanten frå øya mi i år, Ronnie M.A.G. Larsen.

Eg har tidlegare, med hjelp frå ei matematikkyndig venninne, fått utrekna følgjande prognose, som skal vise de der ute kor ufatteleg lita denne øya er, og akkurat kor usannsynleg det er at det kjem to skjønnlitterære debutantar frå denne øya i løpet av eitt år. Spesielt sidan det ikkje har vore nokre andre forfattarar derifrå på dei store forlaga tidlegare.

Ronnie vart lansert på Mono, det var mykje folk og god stemning. Først las Ronnie ei novelle frå debutboka si Offa - forteljingar frå ei øy, som altså er historier lagt til akkurat denne vesle sunnmørsøya vi begge har vakse opp på. Deretter las Frode Grytten ei av sine noveller, 2 CV, med stemningsfullt gitarakkompagnement av Rune Berg frå The Margarets (det relativt suksessfulle bandet frå Giske som også Ronnie M.A.G. Larsen er ein del av), før bandet drog nokre låtar.

Til slutt las Ronnie endå ei novelle, og etter trampeklapp publikum las han endå ei.

Dette kan altså sjåast som litt reklame for den morosame og koselege medbygdingen min.

Vi har planar om å slå oss saman til hausten når boka mi er komen, og ha eit arrangement der vi begge les og forhåpentlegvis The Margarets speler.

6 kommentarer:

Anonym sa...

jeg hadde aldeles storartet. Jeg er din matematiker, du mitt høykulturelle alibi. Kan ikke risikere at denne fysikken og rocken sluker meg helt. Det får da være måte på.

Aina Basso sa...

Einig.
Saman er vi dynamitt.

Jørn Roeim sa...

Jeg kommer.

Aina Basso sa...

Bra!
Vi får prøve å få til eitt arrangement i heimtraktene og eitt her i Oslo, kanskje.

Anonym sa...

Åh, Giske! Jeg er faktisk bekjent med Ronnie M.A.G. Larsens lillesøster, så det er alltid litt morsomt å se noen skrive om ham eller The Margarets.

Aina Basso sa...

Så gøy! :)