16. august 2008

Intervju i Dag og Tid

Blodskam og søvnløyse

Vekas debutant: Aina Basso (29)
Boka: Ingen må vite (Samlaget)

– Kan du fortelje litt om boka di?
– Ingen må vite er ein historisk roman frå 1730-åra og handlar
om den unge jenta Ingeborg som veks opp på ein avsidesliggjande
gard ein stad i Noreg. Bakpå boka står det at det er
ein roman om kjærleik og blodskam. Handlinga er bygd over
historiske kjelder som eg analyserte då eg tok mastergraden i
historie, og på eit overgripande nivå kan ein seie at boka handlar
om makt – om overmakt og avmakt, og om tilhøvet mellom
den vesle og den store, i familien og i samfunnet.

– Kva tid begynte du å skrive på frivillig basis generelt, og
på denne boka spesielt?
– Eg byrja lage teikneseriar før eg lærde å skrive, og dei
første novellene skreiv eg som niåring, gjerne for å underhalde
vener i bursdagsselskap og slikt. Denne boka byrja eg
så smått å skrive på i 2005, eit halvt års tid etter at eg var ferdig
med masteroppgåva om blodskam.

– Kva er det som driv deg til å skrive?
– Det er rett og slett ei sterk drift eg ikkje klarer å motstå.
I periodar får eg ikkje sove viss eg ikkje skriv, og alt eg ser og
alt eg gjer, triggar idéar eller skaper setningar i hovudet som
verkar som det aller viktigaste i verda akkurat då.

– Trudde du at alt kom til å ordne seg for deg her i livet,
berre du fekk gitt ut ei bok?

– He he. Nei, eg gjorde nok ikkje det. Men eg kjende at
noko fall på plass inne i meg då eg fekk telefonen frå forlaget
om at manuset var antatt. Det var ei vedunderleg kjensle!

– Er du engsteleg for å ende opp som éinboksforfattar?
– Nei, det er eg ikkje. Det er altfor mange påbyrja manus
i skuffa til at eg trur det vil skje. Eg forstår utifrå spørsmålet
at det må vere den kanskje største skamma ein forfattar kan
oppleve, men eg er ikkje redd for det og synest heller ikkje
det ville vore skammeleg om det blei slik.

– Kva er det mest gledelege ved å gi ut ei bok?
– At det gir legitimitet til å halde fram. Eg ville skrive uansett,
men det er kjekt at nokon andre kan få lese det òg.

– Kva forfattarar har vore viktige for deg?
– Svært mange og ulike, i ulike periodar i livet. Men i det
siste vil eg trekkje fram Virginia Woolf, Paal-Helge Haugen,
Jon Fosse, Dag Solstad og Marit Kaldhol.

– Må ein forfattar skrive ut av ei indre nødvendigheit for
at det skal bli bra litteratur ut av det?

– Eg trur ikkje det finst reglar for korleis eller kvifor ein
forfattar må eller skal skrive for å få til bra litteratur. Tvert
om trur eg det finst like mange måtar som det finst bøker og
forfattarar.

Av Agnes Ravatn, Dag og Tid
agnes@dagogtid.no

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Bra intervju. Likte særlig det du svarte på spørsmålet om du var redd for å bli en énboksforfatter og det du svarte på det siste spørsmålet.

Tehme Melck sa...

Det svaret likte jeg også. I det hele tatt var vel svarene bedre enn spørsmålene i dette intervjuet.

Aina sa...

Takkar og bukkar.
Eg likte spørsmåla, eg! :)