15. august 2008

Haustlanseringa

Haustens debutantar. Frå venstre Rune F. Hjemås, Terje Torkildsen,
Terje Jonassen, underteikna og Jan Roar Leikvoll (bilete frå dagbladet.no)
I går var det duka for Samlagets haustlansering.

Først var det pressekonferanse på Det Norske Teatret, der haustlista blei presentert og fire forfattarar las opp frå sine bøker -vaksenbokdebutanten Jan Roar Leikvoll las frå romanen Eit vintereventyr, ungdomsbokdebutanten Terje Torkildsen las frå sin ungdomsthriller Marki Marco, Mette Karlsvik las frå si tredje bok Pol og Solfrid Sivertsen las frå Eit plutseleg mørke. Det var også utdeling av Sigmund Skard-stipendet, og denne gongen gjekk det til den sympatiske forfattaren Edmund Austigard.

Seinare var det full fest på Samlagshuset, med mykje god fingermat, mykje godt å drikke og stappfullt av forfattarar, forlagsfolk, målfolk, journalistar og diverse andre.

For min del var det ein begivenheitsrik, lang, spennande og slitsam dag, med mange nye kjenningar, mykje tull og tøys og ei merkeleg kjensle av både klimaks og anti-klimaks på same tid. I dag har det utkrystallisert seg ei enkare kjensle, nemleg av glede og forventning til kva som skal skje vidare.

Eg er forøvrig intervjua i dagens utgåve av Dag og Tid, for dei som skulle finne det interessant.

8 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Morsomt å høre om denne begivenheten. Og morsomt å være forfatter på ordentlig, ikke sant. Og jammen kom det ikke en "merkelig kjensle av både klimaks og anti-klimaks på same tid", akkurat som jeg spådde for ikke lenge siden. Nå skjønner du kanskje hva jeg mente.
Dag og Tid neste.

Tehme Melck sa...

Unnskyld feilstaving i innlegget over, det skulle vært "merkeleg" og ikke "merkelig".

Tove sa...

Sjølvsagt er det interessant med intervju. Men så langt er eg ikkje komen i helgelesinga, Dag og Tid er bare innhenta frå postkassen. Gler meg!

Lille søster sa...

For en spennende tid du har foran deg nå! Gratulerer med boka!

kristine sa...

Så morsomt at du er Dagbladets ansikt for "de nye stemmene". Har funnet boka di i de bokhandlene jeg har tittet i. Morsomt! I to av butikkene hadde de satt den blandt voksen bøkene og det ene stedet kom jeg i samtale med forhandleren om det var en ungdoms eller voksen roman. Det andre stedet husket forhandleren godt hvor hun hadde satt boka. Så du blir lagt merke til.

Aina sa...

Takk, alle!
Akkurat no kan eg med handa på hjartet seie at eg har det heilt supert!

Elin sa...

Det er større bilde av dere i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/kultur/2008/08/14/543589.html
Synes du er nydelig på bildet, altså! :)

Gratulerer med utgivelse!

Aina sa...

Takk for det :)