26. mai 2008

Fin artikkel

om Ragnar Hovland i Klassekampen.
Men han skulle vore skriven på nynorsk.
Hovland som seier "jeg"? Det kling liksom ikkje heilt.

2 kommentarer:

Hege sa...

Nehei, det gjer det ikkje. Dessutan las Einar Økland eit dikt om nyper, ikkje neper, pluss diverse anna smårusk. Journalisten fekk ikkje heilt med seg alt, tykte no eg, men men. Dei var no i alle fall i Bergen, ikkje verst berre det.

Eg burde kanskje elles fortelja deg at eg les bloggen din, og gler meg mykje til å lesa boka di når ho kjem ut!

Beste helsing Hege (leiar i Noregs Mållag)

Aina sa...

Det er kanskje berre eg, men neper og nyper er liksom ikkje heilt det same... :)

Høyrtest ut som ein flott kveld, iallfall. Det fekk journalisten formidla. Eg skulle ønske eg hadde vore der.

Elles tusen takk for at du les og for forventningane! Det set eg pris på.