26. mai 2008

Eg ser, lyttar

Eg har gjort det lenge.

Eg hugsar den nye vegen til Universitetet den første hausten. Fram og tilbake. Sol over grøne marker, skogholt. Lydar, utsikt over ein by eg enno ikkje kjende, ein spennande by, ein by full av mulegheiter.
Eg hugsar eg gjorde det då. Observerte. Samla på litterære observasjonar av omgjevnadane, stemningar, lydar. Eg skreiv dei ned i notatbøkene eg alltid hadde med meg, som eg framleis alltid har med meg.

Det er kjekt å observere til bruk i skrivinga.
Det er som ein augneblink å dette ut, konsentrere seg utelukkande om det eine biletet, forme det til noko litterært i hovudet. Det er som ein augneblink å stå på utsida og sjå inn - ein fjernar seg frå situasjonen ein er ein del av, ein sit på stolen, går på vegen, men er samtidig langt inne i ei heilt anna verd, ei fiktiv verd, ein framtidig tekst, sansane skjerpa.

Det varer oftast ikkje så lenge. Nokre sekund, kanskje. Ein memorerer biletet i ord for å skrive det ned seinare. Dei andre treng ikkje merke noko, faktisk trur eg aldri nokon har gjort det.
Sjølv om eg sit med ei heil verd inni meg, ei verd som enno ikkje eksisterer.

2 kommentarer:

kristine sa...

Jeg leser "Emily of New Moon" omigjen for n-te gang. Og det at hun stadig vekk får disse glimtene som hun må skrive ned er ting som jeg også kjenner igjen. Jeg har ikke vært like opptatt av å skrive ned inntrykkene, men husker på dem slik at jeg fortsatt kan huske hvordan noe opplevdes første gangen før det ble en vane.

Din evne til å huske slike øyeblikk er nok med på å gjøre skrivestilen din så poetisk. Du er klar med skildringene.

Aina sa...

Så fint at du hugsar det, sjølv om du ikkje har skrive det ned. Slik har eg det også, med nokre av dei sterkaste inntrykka.

Glad du synest eg har klare skildringar. Takk for det.