26. mai 2008

Ferdig førstekorrektur

Då er førstekorrekturen overstått, etter eit par-tre rundar, først på eiga hand, deretter pr. telefon med manusredaktøren, så på telefon med den vanlege redaktøren, og til slutt pr. e-post.

Vi har fått avklart viktige saker som "geografisk plassering i eit rom", som t.d. byrjinga på denne scena, først i original, deretter i omarbeidd versjon:

Gabriel sit ved bordet og et.
Ingeborg sit i det andre hjørnet med handarbeidet.

/

Gabriel sit ved bordet og et.
Ingeborg sit på den andre sida av rommet med handarbeidet.

Vi har snakka litt om tydeleg- og utydelegheit. Om det kan få lov til å vere litt utydeleg og glidande, eller om det bør vere litt meir teskeimating, noko eg har hatt ein tendens til å vere til dei grader imot at mine tidlegare tekstar (altså før denne) tidvis har vore fullstendig uforståelege, i eit visst monn også for meg sjølv.

Og vi har snakka om desse merkelege formuleringane mine.
Om fossen som brest laus vatnet, om knitret av nyspretne knoppar, om flettene som (er) strimer nedetter ryggen.

Eg trur vi er blitt einige. Eg har gått med på noko og stått for noko. Så gjenstår det berre å håpe at andrekorrekturen går relativt smertefritt, og gle seg til eit ferskt førsteeksemplar i handa, og til haustlanseringa den 14. august.

Ingen kommentarer: