17. september 2007

Francis & Jane

(A) Becoming Jane
Denne helga har stått i filmens teikn, og eg har også byrja å lese ei ny bok.

På laurdag var eg på Gimle kino på Frogner saman med mi venninne M. og såg Becoming Jane eller Den unge Jane Austen, som er den svært opplysande, men også gørrkeisame norske tittelen.

Kino på Gimle gir, som dei fleste som bur eller har budd i hovudstaden veit, ei litt meir eksklusiv kinooppleving. Kjøp eit glas raudvin i Gimle bar i lobbyen før du går inn, nyt synet av raud plysj og polert, mørkt tre. Set deg deretter ned i setet med god plass til beina og eit lite bord til å sette forfriskningane på, og filmen byrjar. I dette tilfellet med ei nydeleg oversiktsscene over eit disig engelsk syttenhundretalslandsskap. Iallfall tenker vi oss at det er det. Deretter sveipar kameraet nedover og innover, og vi møter den unge Jane Austen, for høvet ikledd skikkelsen til den vakre og mørkaugde Anne Hathaway, som sit og skriv ved eit bord.

Og her lærte eg noko nytt om engelsk skriftkultur på slutten av 1700-talet: Jane skriv nemleg ikkje gotisk skrift, slik dei ville gjort i Noreg på den tida, noko eg (hovmodig som eg er) trudde var ein grov feil frå filmskaparane si side, men som visstnok (i det minste ifølgje ein ganske fyldig artikkel om gotisk skrift i Wikipedia) kan stemme. I Noreg gjekk vi over til denne såkalte "engelske skrivestilen" (som liknar dagens løkkeskrift) frå siste halvdel av attenhundretalet. Eg var klar over stilskiftet, men ikkje over at det var til "engelsk skrivestil" ein skifta. Nok om det.

Jane teikna av søstra Cassandra
Filmen fortset på den venta måten. Vi blir introdusert for karakterar som ein etter ein ber tydelege likskapstrekk med karakterane frå Jane Austens romanar, og også handlinga og replikkane kan i stor grad kjennast igjen frå romanar som Stolthet og fordom, Fornuft og følelse (eller Kjensler og klokskap, som NRK har vald å fornynorske tittelen til) og Emma. Om filmen viser den sanne historia om Jane Austen, endeleg avdekt av filmskaparane frå Hollywood, er vel heller utenkeleg. Men filmen er søt, den, om ein ser vekk frå at den har noko med Jane Austen å gjere, som mi venninne Kristine så treffande uttrykte det. Eg blei ikkje fullstendig rive med - kanskje fordi eg ikkje er spesielt glad i Anne Hathaway, og fordi eg visste at det ikkje kunne bli happy ending - Jane Austen døydde som kjent ugift som 41-åring. Men for all del: Det var ein veldig hyggeleg kveld: Ein søt kostymedramafilm, raudvin og Gimle er nok til å få meg i godt humør.

Og så var det Francis. I går byrja eg endeleg å lese Francis Meyers lidenskap, og så langt svarar boka definitivt til forventingane: Handlinga er passe spennande og interessant, det er lettlese, forfattaren brukar det same språket som alle andre forfattarar som har "ordet i si makt" (altså dei sedvanlege klisjeane og høviske uttrykksmåtane, ispedd litt meir enn eit snev av riksmålstendens) og han har den dramaturgiske framdrifta inne. Eit knippe konfliktfylte relasjonar mellom karakterane, eit mysterium frå fortida og ei kompliserande kjærleikshistorie. Dette blir nok hyggeleg. Boka er no einerådande både på nattbord og i veske, og eg kjem tilbake med anmeldelse når dei vel seks hundre sidene er ettertrykkeleg lesne og fordøyd.

7 kommentarer:

leselama sa...

Gimle og rødvin, så kan de nesten vise hva som helst. Enig der. ;-)

Interessant det du skriver om gotisk og engelsk skrivestil. Alltid noe å lære. Og stas når slike ting dukker opp midt i et blogginnlegg som dette!

"Francis Meyers lidenskap" likte jeg også svært godt. Skal bli spennende å følge med på din endelige dom om noen hundre sider. :-)

kristine sa...

Morsomt at du kommenterer det gotiske. Ettersom gamle engelske tekster kom til meg før gamle norske, syntes jeg norske gotiske tekter fra 1800-tallet var veldig gammeldags. Engelske manuskripter er ofte ganske lettleste.

Det samme gjelder trykte bøker. I Tyskland og Skandinavia holdt jo gotisk seg lenger innen typografien. Det gjør engelskspråklige antikvariske bøker ofte mer leselige en norske.

Aina sa...

Dette er ikkje første gongen eg har reagert på det eg feilaktig har tolka som mangelfull kjeldegransking i filmar, men eg skjønar jo no at det er eg sjølv som har feila i så måte.

Eg har jo gotisk skrift som eit av mine spesialfelt frå mastergraden i historie, så det er ikkje så rart eg legg merke til det. Ein annan ting eg stussa på var dei lekre boksehanskane som vart brukt i den første boksekampen som introduserte Tom Lefroy. Eg har forsøkt å finne info om boksehanskens historie, men har diverre hatt manglande hell på dette feltet. Nokon som har peiling?

kristine sa...

Jeg har ikke greie på boksehansker, men jeg synes også de så litt for moderne ut.

Et fakum jeg reagerte på var den enorme mengden av fakler uten for ballet. Jeg kan skjønne at de hadde fakler for å lyse opp veien, men slike enorme mengder bare for at det skulle se pent ut når de speilet seg i det kunstig vannanlegget, tror jeg var unødvendig sløsing.

Jeg har hørt at man kunne vise sin rikdom ved å ha mange bra lys innendørs, men jeg tror de ikke sløste med lys ute. Ball ble jo stort sett lagt til fullmåne i håp om at man skulle ha lys på vei hjem.

Aina sa...

Ja, faklane la eg også merke til. Det var veldig vakkert, men fekk meg likevel til å stusse. Trur ikkje røyndomen var like glamorøs som han ofte blir framstilt i Hollywood-filmane. Men det er jo litt av poenget, også. Vi vil jo bli henført og drøyme oss vekk.

Men noko eg syns var eit pluss var at dei hadde latt "skiten" på vassflata bli, at bassenget ikkje var fullstendig strigla.

MR sa...

Etter et lite søk på nettet har jeg funnet ut følgende om boksehansker. Den første boksehansken ble oppfunnet av Jack Broughton som regnes som boksesportens far i storbritannia. De ble altså funnet opp en eller annen gang rundt 1750. De ble forøvrig ikke benyttet under kamp men kun under trening. Boksehansker ble først påbudt i midten av påfølgende århundre. Boksehansken VAR altså oppfunnet på Jan eAustens levetid, men det er usannsynlig at de ble benyttet under kamp, i allefall under såpass uorganiserte forhold som i den filmen.

Aina sa...

Takk for innspelet! Kjekt å vite.