Viser innlegg med etiketten Jane Austen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jane Austen. Vis alle innlegg

23. mars 2009

Kostymedramaraton

Førre veke fekk eg ein fin, liten pakke frå Amazon, i den låg tre filmar eg har sett om og om igjen sidan eg var tenåring, men som eg plutseleg tok meg sjølv i å ville eige, og nokre tastetrykk seinare hadde gjort tilgjengelege for meg sjølv via luftpost.

I helga har eg sett alle tre.
Og då tenker kanskje du åja, har ho site inne heile helga og sett film og ikkje gjort noko anna, ho, då? Men det stemmer aldeles ikkje. Eg har faktisk vore nærmast overaktiv og både fått med meg festlegheiter på Litteraturhuset og konsert med min nye kjærleik Tommy Tokyo (for ikkje å gløyme hans fantastiske band Starving For My Gravy), og altså i tillegg klart å få sett alle desse tre fantastiske kjærleiksfilmane frå yonder years (som det heiter):

Emma (1996) med Gwyneth Paltrow i hovudrolla.
Basert på Jane Austens roman med same namn som kom ut første gong i 1815, og som eg las første gong i tenåra. Eg vil tru det var med meg som med mange andre: det kom filmatiseringar av m.a. Emma på nittitalet, og dette førte til at vi også las bøkene og oppdaga Jane Austens forfattarskap.

Omtale frå bokkilden:
Often said to be Jane Austen's most perfect novel, "Emma" is also the perfect read - with a very imperfect - but loveable - heroine...Beautiful, clever and rich, Emma Woodhouse thinks she knows best. She only wants to help others arrange things as she thinks they should be done, and, convinced she's just not destined to find true love herself, she believes she must instead devote herself to playing Cupid for others. But absolutely nothing goes to plan - and in the process, Emma has a lot of learning to do: about others, but most of all about herself.



Dangerous Liaisons/ Farlige forbindelser (1988) med Glenn Close, John Malkovich og Michelle Pfeiffer.
Basert på ein roman av Choderlos de Laclos frå 1782

"en observasjon av aristokratiets forgiftede livsførsel, fylt med kostymer, konversasjon og maskerade.

Den dekadente og depraverte verden som kommer til syne i de implisertes kryssende korrespondanse, er et undergangsdømt overklassemiljø, hvor begjær og død er ingrediensene i en sykelig selskapslek. Målet er forførelse som hevn og selvbekreftelse, metoden er maskerade, og middelet er personer med de rette forbindelser til det utvalgte offer.

Farlige forbindelser speiler tilstanden i et samfunn i oppløsning, en tilstand som kan sees som en parallell til vår egen tids materialistiske og egoistiske strømninger."
(Bergen filmklubb)



The Age of Innocence/ Uskyldens tid (1993) med Daniel Day Lewis, Michelle Pfeiffer og Winona Ryder.
Basert på den pulitzerprisvinnande amerikanske romanen ved same namn skriven av Edith Wharton og utgitt i 1920. Eg har lese denne boka fleire gongar, film først, bok etterpå trur eg nok det må ha vore.

Omtale frå Wikipedia:
The Age of Innocence centers on one society couple's impending marriage and the introduction of a scandalous woman whose presence threatens their happiness. Though the novel questions the assumptions and mores of 1870s New York society, it never devolves into an outright condemnation of the institution (...) Not to be overlooked is the author's attention to detailing the charms and customs of this caste. The novel is lauded for its accurate portrayal of how the nineteenth-century East Coast American upper class lived and this combined with the social tragedy earned Wharton a Pulitzer - the first Pulitzer awarded to a woman. Edith Wharton was fifty-eight years old at publication; she lived in that world, and saw it change dramatically by the end of World War I. The title is an ironic comment on the polished outward manners of New York society, when compared to its inward machinations.

17. desember 2008

Kva hadde Jane tenkt?

Skal tru kva Jane Austen (1775-1817) hadde tenkt viss ho visste kor mange som kjem inn på bloggen min fordi dei googlar henne og bøkene hennar.
Eller viss ho visste at i framtida skulle ho skrivast om på bloggar. Som ligg på internettet. Som er tilgjengeleg via datamaskiner.
Eller at bøkene hennar er blitt filmar, lagra på dvd-ar, levande bilete og lyd, som blir sett på skjermar.

Nei, kva hadde Jane Austen tenkt då.

10. oktober 2008

Persuasion

Det kom ei ny filmatisering av Jane Austens roman Persuasion i fjor. Eg har lenge hatt 1995-filmatiseringa på dvd, og liker den veldig godt. I går såg eg 2007-versjonen.

Persuasion (norsk: Overtalelse) handlar om Anne Elliot. Anne er ikkje verken særleg interessant eller særleg vakker, iallfall ikkje ifølgje dei overflatiske slektningane sine, den sjølvopptekne faren og søstrene. Vi får tidleg vite at ho åtte år tidlegare hadde eit forhold til ein kjekk, ung marineoffiser ved namn Wentworth, men at ho blei overtalt av gudmora Lady Russell til å takke nei til frieriet hans, og ikkje kaste seg vekk på ein ung marineoffiser "without expectations" - altså utan noko formue i sikte.

Åtte år seinare er ho framleis ugift, ho er 27 år og det byrjar spøke for sjansane for eit godt giftarmål. Men så dukkar kaptein Wentworth opp på ny. Han har slått seg opp ei stor formue under krigen, men han har enno ikkje tilgitt Anne for at ho let seg overtale til å avslå frieriet.
Needless to say - ein romantisk intrige følgjer!

Eg veit ikkje kva for ei filmatisering eg likte best. 1995-versjonen er nok ikkje like estetisk vakker som 2007-versjonen, og eg liker både Sally Hawkins og Amanda Root i rolla som Anne. Eg liker nok betre Ciarán Hinds (Julius Cæsar i Rome) i rolla som Wentworth, og eg synest ein del av karakterane i 1995-versjonen er betre gestalta. Likevel vil eg seie det er relativt daudt løp mellom dei to versjonane. Begge er fine, og utfyller kvarandre, då den nye fokuserer på litt andre aspekt ved historieforløpet, litt andre detaljar og scener er med. Og det var veldig hyggeleg å sjå denne filmen. Det er ingenting som ein kveld med Jane Austen.

7. august 2008

Mansfield Park

Det har ganske nyleg kome ei ny filmatisering av Jane Austens roman Mansfield Park, denne gongen med den britiske popartisten Billie Piper i hovudrolla som Fanny Price (som for øvrig er den Austen-karakteren eg liknar mest på, skal ein tru ein av desse nett-testane).

Det er nokre år sidan eg leste Mansfield Park, og om eg skal vere ærleg er det ikkje ein av mine favorittar. Eg fann ho ved eit tilfelle i hylla på universitetsbiblioteket. Det var ei fin, gammal utgåve, på engelsk og med veldig lita skrift, og eg brukte ein del tid på å kome meg gjennom ho. Romanen er nemleg ganske lang og har ein del snirklar, som ikkje naudsynleg er så frykteleg interessante.

Sjølv om historia godt kan eigne seg til å bli kutta ned, synest eg langfilmformatet på ein og ein halv time førte til at ein del moment i boka, som kunne vore dregne ut lenger og tillagt meir betydning, blei forbigått litt vel fort, med det resultat at ein ikkje eigentleg lever seg inn i historia på den måten ein kunne i anten ein lenger film, ein miniserie eller sjølvsagt boka sjølv. Samanlikna med den førre filmatiseringa frå 1999, som eg òg opplevde som noko blodfattig, sakna eg nokre delar av historia. Til dømes er biten der Fanny reiser heim til den fattige familien sin fullstendig fjerna. Vi får heller ikkje vite noko om grunnen til at mor til Fanny er uglesett av dei andre to søstrene, og hendinga med Maria blir forbigått relativt lidenskapslaust.

Eg skulle gjerne ha sett Mansfield Park som miniserie, med ein god regissør og eigna skodespelarar. Billie Piper gjorde ikkje ein dårleg figur, men heilt overtydande som Fanny, særskilt når det gjeld karakterens djupe moralitet og kristne tru, var ho vel ikkje.

11. juni 2008

Northanger Abbey anno 2007

Eg har gløymt å fortelje at eg har sett den nyaste filmatiseringa av Jane Austens Northanger Abbey. Eg har tidlegare skrive dette og dette og dette innlegget om Northanger Abbey, og er no klar for å samanlikne bok med film med film frå 1986.

Vel, kort sagt kan ein vel oppsummere det heile med følgjande konklusjon (med underpunkt):

2007-versjonen er betre enn 1986-versjonen, fordi

1. Han manglar teit åttitals-synthmusikk og eterisk song
2. Skodespelarane er mindre karikerte
3. Bruken av effektfull skodde og skumle draumebilete er i høg grad minimert
4. Han er meir boktru
5. Den mannlege hovudpersonen har a) sjarm og b) han sveittar ikkje i heile andletet gjennom heile filmen
6. Den kvinnelege hovudpersonen har a) sjarm og ynde og b) ser passe ung og uskyldig ut
7. Han har meir humor
8. Eg blei ikkje noko irritert av å sjå han, faktisk levde eg meg inn i forholdet mellom hovudpersonane
9. Filminga er betre
10. Kostymene og sminken ser meir riktig ut

21. april 2008

Northanger Abbey

1986-versjonen
Då har eg lese ut Northanger Abbey, som eg lenge har vore urimeleg skeptisk til, takka vere ei teit åttitalsfilmatisering med mykje tåke og synthmusikk.

Handlinga i Northanger Abbey er lagt til slutten av 1700-talet, då boka også vart skriven, og vi møter heltinna Catherine Morland på 17 år, som uskyldig og uerfaren blir med sine rike og barnlause naboar the Allens til Bath for å utvide horisonten og ha det gøy.

Her møter ho all slags forlystingar, finn nye vennar - gode og dårlege, blir forelska og opplever for første gong svik, grådigskap og falskheit. Boka er ei forteljing om det å bli vaksen, og er skriven med karakteristisk Austensk ironi kombinert med ekte innleving i det karakterane opplever og føler. Spekka med gode psykologiske karakterskildringar, som er Austens styrke, og herleg sett til overklasse-England ved århundreskiftet 1700- og 1800-talet, har denne boka vunne mitt hjarte.

Og kven skulle trudd: Når eg etter å ha lese boka såg den teite åttitalsfilmatiseringa omigjen, var ho ikkje halvparten så teit som eg opphavleg syntest. Javisst er her dum åttitalsmusikk med synth og eterisk song som ikkje passar inn i tidskoloritten, javisst er her for mykje tåke og alt for mange draumesekvensar, og javisst manglar den ironiske satiren som finst i romanen, men om ein les romanen først og ber den med seg, er ikkje filmen så verst likevel. Og om ein heller vil, kan ein alltids velje å sjå nyfilmatiseringa frå 2007 i staden. Noko eg iallfall har tenkt å gjere om ikkje så altfor lenge.

8. april 2008

Meir om lesing

I går på senga las eg eit par kapittel i Northanger Abbey av Jane Austen.

Som nokre kanskje hugsar, var eg litt skeptisk til denne boka på førehand. Og denne skepsisen viser seg, no som eg er halvvegs i boka, utelukkande å vere basert på åttitals-filmatiseringa eg har sett, og ikkje på sjølve verket.

Northanger Abbey er svært humoristisk skriven, med Austens karakteristiske ironiske betraktning av karakterane, heltinna inkludert. Det er ganske enkelt fornøyeleg lesing. Riktig hyggeleg, er det. Og tilrådast på det varmaste til alle som kjenner behovet for litt lett, morosam og intelligent underhaldning no på vårkvisten.

23. februar 2008

Stolthet og fordom

Der finst berre ein Mr. Darcy for meg...
Eg har tidlegare nemnt opptil fleire gongar kor glad eg er i å både lese og sjå filmati-seringar av Jane Austens bøker. Eg har lese dei fleste av bøkene hennar, og har sett dei fleste filmatiseringane. Men ei bok hadde eg, skammeleg og utruleg nok, ikkje lese, og det var Stolthet og fordom, som attpåtil reknast for å vere av dei beste ho har skrive, om ikkje den beste.

Det blei eit par dagars intens lesing, for sjølv om eg kan historia godt nok etter å ha sett både den glimrande sekstimars BBC-serien fleire gongar, og den nyare amerikanske filmen med Keira Knightley i hovudrolla, er handlinga rett og slett så fengande, at eg hadde vanskar med å legge boka ifrå meg.

Samanlikna med andre Austen-bøker, ser eg heilt klart at dette er ei av dei beste. Eg liker også Emma veldig godt, Fornuft og følelse, så klart, samt Overtalelse. Mansfield Park vart eg derimot ikkje like begeistra for, ei heller Northanger Abbey, som eg riktignok kun har sett på film.

17. september 2007

Francis & Jane

(A) Becoming Jane
Denne helga har stått i filmens teikn, og eg har også byrja å lese ei ny bok.

På laurdag var eg på Gimle kino på Frogner saman med mi venninne M. og såg Becoming Jane eller Den unge Jane Austen, som er den svært opplysande, men også gørrkeisame norske tittelen.

Kino på Gimle gir, som dei fleste som bur eller har budd i hovudstaden veit, ei litt meir eksklusiv kinooppleving. Kjøp eit glas raudvin i Gimle bar i lobbyen før du går inn, nyt synet av raud plysj og polert, mørkt tre. Set deg deretter ned i setet med god plass til beina og eit lite bord til å sette forfriskningane på, og filmen byrjar. I dette tilfellet med ei nydeleg oversiktsscene over eit disig engelsk syttenhundretalslandsskap. Iallfall tenker vi oss at det er det. Deretter sveipar kameraet nedover og innover, og vi møter den unge Jane Austen, for høvet ikledd skikkelsen til den vakre og mørkaugde Anne Hathaway, som sit og skriv ved eit bord.

Og her lærte eg noko nytt om engelsk skriftkultur på slutten av 1700-talet: Jane skriv nemleg ikkje gotisk skrift, slik dei ville gjort i Noreg på den tida, noko eg (hovmodig som eg er) trudde var ein grov feil frå filmskaparane si side, men som visstnok (i det minste ifølgje ein ganske fyldig artikkel om gotisk skrift i Wikipedia) kan stemme. I Noreg gjekk vi over til denne såkalte "engelske skrivestilen" (som liknar dagens løkkeskrift) frå siste halvdel av attenhundretalet. Eg var klar over stilskiftet, men ikkje over at det var til "engelsk skrivestil" ein skifta. Nok om det.

Jane teikna av søstra Cassandra
Filmen fortset på den venta måten. Vi blir introdusert for karakterar som ein etter ein ber tydelege likskapstrekk med karakterane frå Jane Austens romanar, og også handlinga og replikkane kan i stor grad kjennast igjen frå romanar som Stolthet og fordom, Fornuft og følelse (eller Kjensler og klokskap, som NRK har vald å fornynorske tittelen til) og Emma. Om filmen viser den sanne historia om Jane Austen, endeleg avdekt av filmskaparane frå Hollywood, er vel heller utenkeleg. Men filmen er søt, den, om ein ser vekk frå at den har noko med Jane Austen å gjere, som mi venninne Kristine så treffande uttrykte det. Eg blei ikkje fullstendig rive med - kanskje fordi eg ikkje er spesielt glad i Anne Hathaway, og fordi eg visste at det ikkje kunne bli happy ending - Jane Austen døydde som kjent ugift som 41-åring. Men for all del: Det var ein veldig hyggeleg kveld: Ein søt kostymedramafilm, raudvin og Gimle er nok til å få meg i godt humør.

Og så var det Francis. I går byrja eg endeleg å lese Francis Meyers lidenskap, og så langt svarar boka definitivt til forventingane: Handlinga er passe spennande og interessant, det er lettlese, forfattaren brukar det same språket som alle andre forfattarar som har "ordet i si makt" (altså dei sedvanlege klisjeane og høviske uttrykksmåtane, ispedd litt meir enn eit snev av riksmålstendens) og han har den dramaturgiske framdrifta inne. Eit knippe konfliktfylte relasjonar mellom karakterane, eit mysterium frå fortida og ei kompliserande kjærleikshistorie. Dette blir nok hyggeleg. Boka er no einerådande både på nattbord og i veske, og eg kjem tilbake med anmeldelse når dei vel seks hundre sidene er ettertrykkeleg lesne og fordøyd.

12. september 2007

Mine nittitalsfavorittar

I kjølvatnet av kåringa av dei beste nittitalsbøkene, fann eg ut at eg skulle lage mi eiga kåring av mine nittitalsfavorittar. Dette blir sjølvsagt ei noko annleis kåring, ettersom eg for det første var tenåring på nittitalet og ettersom, for det andre, mine favorittbøker dette tiåret stort sett bestod av bøker som var utgitt fleire tiår tidlegare.

På ein absolutt førsteplass kjem Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle, som eg såg som den beste boka i verda i fleire år etter at eg las den som sekstenåring. Eg byrja endåtil å skrive Myklesk riksmål i sidemålsstilane mine på vidaregåande.

Eg las også mykje Agatha Christie, og her vil eg trekke fram Miss Marples siste sak, som den eg nok likte aller best. Miss Marple var, i det store og heile, ein gedigen favoritt.

Eg las også barne- og ungdomsbøker dette tiåret, og dei som kanskje gjorde aller sterkast inntrykk på meg, var Skygge-bøkene av Maria Gripe. Livet på Rosengåva slott i Sverige får enno fram grøsningar langs ryggrada mi.

Det var også på nittitalet eg las mi første Jane Austen-bok, noko eg trur må ha vore Emma. Starten på eit livslangt kjærleiksforhold, der, vil eg tru.

Eg var også stor fan av Ketil Bjørnstad, og vil trekke fram Oda! og Villa Europa som to store favorittar.

Ei anna bok eg likte veldig godt som tenåring, var Speilet fanger av Kari Bøge. Ei skikkeleg ungjentebok frå åttitalet.

Og sist, men ikkje minst, må eg nemne den store Roald Dahl, som eg framleis elskar. Matilda og Heksene er bøker eg gjerne les oppigjen med jamne mellomrom.

5. juli 2007

Det er noko med Jane Austen

Eg har lese dei fleste av bøkene hennar, og eg har no også skaffa meg fleire filmatiseringar av dei. I helga såg eg omigjen Sense and Sensibility med Emma Thompson, Kate Winslet og Hugh Grant. Like herleg kvar gong.

Eg har to utgåver av Pride and Prejudice.
Filmen frå 2005 med Keira Knightley i hovudrolla, og favoritten min, BBC-serien frå 1995. Eg har også skaffa meg ei Emma-filmatisering med Kate Beckinsale i hovudrolla frå 1997. Persuasion har eg også, i ei veldig god, britisk filmatisering, og ei litt mindre god, britisk av Northanger Abbey. Mansfield Park er visst blitt filmatisert på nytt no nyleg, så den må eg også skaffe meg.

I tillegg er det nyleg laga ein film om livet hennar, Becoming Jane, som eg må innrømme at eg er bittelitt skeptisk til, men som eg likevel må sjå.

Ja, det er noko med Jane Austen.
Ho får meg til å kjenne meg glad uansett kor trist verda synest.
Det slår aldri feil.