12. september 2007

Mine nittitalsfavorittar

I kjølvatnet av kåringa av dei beste nittitalsbøkene, fann eg ut at eg skulle lage mi eiga kåring av mine nittitalsfavorittar. Dette blir sjølvsagt ei noko annleis kåring, ettersom eg for det første var tenåring på nittitalet og ettersom, for det andre, mine favorittbøker dette tiåret stort sett bestod av bøker som var utgitt fleire tiår tidlegare.

På ein absolutt førsteplass kjem Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle, som eg såg som den beste boka i verda i fleire år etter at eg las den som sekstenåring. Eg byrja endåtil å skrive Myklesk riksmål i sidemålsstilane mine på vidaregåande.

Eg las også mykje Agatha Christie, og her vil eg trekke fram Miss Marples siste sak, som den eg nok likte aller best. Miss Marple var, i det store og heile, ein gedigen favoritt.

Eg las også barne- og ungdomsbøker dette tiåret, og dei som kanskje gjorde aller sterkast inntrykk på meg, var Skygge-bøkene av Maria Gripe. Livet på Rosengåva slott i Sverige får enno fram grøsningar langs ryggrada mi.

Det var også på nittitalet eg las mi første Jane Austen-bok, noko eg trur må ha vore Emma. Starten på eit livslangt kjærleiksforhold, der, vil eg tru.

Eg var også stor fan av Ketil Bjørnstad, og vil trekke fram Oda! og Villa Europa som to store favorittar.

Ei anna bok eg likte veldig godt som tenåring, var Speilet fanger av Kari Bøge. Ei skikkeleg ungjentebok frå åttitalet.

Og sist, men ikkje minst, må eg nemne den store Roald Dahl, som eg framleis elskar. Matilda og Heksene er bøker eg gjerne les oppigjen med jamne mellomrom.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Var ikke Maud Montgommery også blandt 1990-talls forfatterene?

Aina Basso sa...

Trur nok Anne- og Emily-bøkene høyrer til heilt sist på åttitalet, for min del. Men er ikkje heilt sikker.