8. september 2007

Twin Peaks

Drapet på Laura Palmer
Ei venninne av meg har denne sommaren skaffa seg heile Twin Peaks-serien, dvs. tre sesongar, kvar på ti-tolv episodar. Ho blei fullstendig hekta og såg heile greia i rask rekkefølgje, og no er det min tur.

Eg var tolv-tretten år då Davis Lynch´s kultserie Twin Peaks gjekk på norske tv-skjermar første gongen. Mange, også folk som er nokre år eldre enn meg, har fortalt at dei ikkje fekk lov til å sjå denne ganske skumle serien som gjekk seint på fredagskveldane. Men eg fekk lov. Eg brukte å sjå han saman med mamma, fordi "alle andre fekk lov til å sjå det". Slik er det nemleg på små stader. Det alle andre får lov til skaper dei gjeldande normene. Og så vidt eg veit har eg ikkje tatt skade av det.

Dette er ikkje det første gjensynet mitt med Twin Peaks i løpet av alle desse åra. Då eg var i USA for fire år sidan, gjekk serien på eit lite dinner theatre, og vi gjekk for å sjå ein episode. Eg hugsar eg reagerte på kor karikerte karakterane verka, eg hadde hugsa serien som mindre humoristisk og langt meir seriøs. No har eg vent meg til settingen, og lever meg atter inn i det nord-amerikanske universet i Twin Peaks, heilt oppe ved grensa til Canada. Det er herleg. Og musikken er jo nydeleg. Men no har eg ikkje tid til å skrive meir. Episode fire ventar.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg var gravid og stuptrøtt om kvelden i den tida da Twin Peaks ble vist for første gang - som du riktig skriver: "seint på fredagskveldane". Jeg sovnet alltid! Alltid! Det var veldig surt, for akkurat dette var det jo alle snakket om og mente noe om. Og akkurat dette skulle jeg gjerne ha vært med på å se. Men - jeg sov meg ubønnhørlig gjennom hver eneste episode. Og godt var kanskje det, for når ungen var født ble det ikke mye søvn. ;-)

Kanskje jeg og ungen burde se serien sammen nå? Egentlig en ganske morsom idé når jeg tenker etter! :-)

Aina Basso sa...

Ja, kanskje det... Det vil altså seie at ungen din no er 16 år eller deromkring? Muleg det er litt skummelt, men på den andre sida: Eg er ein reddhare. Trur eg blir nesten like skremt av Twin Peaks no som eg blei då eg var tretten, men det går stort sett greitt så lenge eg ikkje ser det etter mørkrets frambrot.

Anonym sa...

Eg er akkurat komen til episode 4.

DIGG!

hilsen en du ikke kjenner.