5. juli 2007

Det er noko med Jane Austen

Eg har lese dei fleste av bøkene hennar, og eg har no også skaffa meg fleire filmatiseringar av dei. I helga såg eg omigjen Sense and Sensibility med Emma Thompson, Kate Winslet og Hugh Grant. Like herleg kvar gong.

Eg har to utgåver av Pride and Prejudice.
Filmen frå 2005 med Keira Knightley i hovudrolla, og favoritten min, BBC-serien frå 1995. Eg har også skaffa meg ei Emma-filmatisering med Kate Beckinsale i hovudrolla frå 1997. Persuasion har eg også, i ei veldig god, britisk filmatisering, og ei litt mindre god, britisk av Northanger Abbey. Mansfield Park er visst blitt filmatisert på nytt no nyleg, så den må eg også skaffe meg.

I tillegg er det nyleg laga ein film om livet hennar, Becoming Jane, som eg må innrømme at eg er bittelitt skeptisk til, men som eg likevel må sjå.

Ja, det er noko med Jane Austen.
Ho får meg til å kjenne meg glad uansett kor trist verda synest.
Det slår aldri feil.

4 kommentarer:

Mali Rose sa...

Jeg er egentlig ganske enig. Hver gang jeg setter meg ned får å se en av filmatiseringene så er jeg skeptisk og tenker:denne gangen er jeg nok lei. Men jeg syntes det er like koselig hver gang. De jeg liker er da selvfølgelig fornuft og følelser og stolthet og fordom.

Og egentlig så liker jeg jo ikke engang kostymedrama. Det må være noe med Jane:)

Aina sa...

Ja, det er veldig bra. Sjølv likar eg så klart kostymedrama veldig godt, generelt også, men det er noko ekstra med Jane :)

Kristine sa...

Men det er jo bøkene som er best! (Sier jeg som har tre ulike filmatiseringer av Emma, to av P&P, to av S&S...)

Jane Austen er så flik til å få frem personlighetstrekk. Det gjør kanskje at det er lett å filmatisere.

Aina sa...

Ja, klart bøkene er best, men dei er no herlege filmatiseringane, også. Eg måtte forresten symje heim frå biblioteket. Var klissblaut då eg kom heim, måtte berre henge alt til tørk og skylle skoa i reint vatn. Blei nesten litt komisk. Eg gjekk gjennom byen og song "Girl from Ipanema" som ein absurd assosiasjon.