7. august 2008

Mansfield Park

Det har ganske nyleg kome ei ny filmatisering av Jane Austens roman Mansfield Park, denne gongen med den britiske popartisten Billie Piper i hovudrolla som Fanny Price (som for øvrig er den Austen-karakteren eg liknar mest på, skal ein tru ein av desse nett-testane).

Det er nokre år sidan eg leste Mansfield Park, og om eg skal vere ærleg er det ikkje ein av mine favorittar. Eg fann ho ved eit tilfelle i hylla på universitetsbiblioteket. Det var ei fin, gammal utgåve, på engelsk og med veldig lita skrift, og eg brukte ein del tid på å kome meg gjennom ho. Romanen er nemleg ganske lang og har ein del snirklar, som ikkje naudsynleg er så frykteleg interessante.

Sjølv om historia godt kan eigne seg til å bli kutta ned, synest eg langfilmformatet på ein og ein halv time førte til at ein del moment i boka, som kunne vore dregne ut lenger og tillagt meir betydning, blei forbigått litt vel fort, med det resultat at ein ikkje eigentleg lever seg inn i historia på den måten ein kunne i anten ein lenger film, ein miniserie eller sjølvsagt boka sjølv. Samanlikna med den førre filmatiseringa frå 1999, som eg òg opplevde som noko blodfattig, sakna eg nokre delar av historia. Til dømes er biten der Fanny reiser heim til den fattige familien sin fullstendig fjerna. Vi får heller ikkje vite noko om grunnen til at mor til Fanny er uglesett av dei andre to søstrene, og hendinga med Maria blir forbigått relativt lidenskapslaust.

Eg skulle gjerne ha sett Mansfield Park som miniserie, med ein god regissør og eigna skodespelarar. Billie Piper gjorde ikkje ein dårleg figur, men heilt overtydande som Fanny, særskilt når det gjeld karakterens djupe moralitet og kristne tru, var ho vel ikkje.

3 kommentarer:

Flopsy sa...

Eg har nett kosa meg med Sense & sensibility på dvd (frå 95), og i forrige veke såg eg Pride & Prejudice (den med Colin Firth).

Bøkene har eg ikkje lest, men eg vart positivt overraska over filmane.

Aina Basso sa...

Gode val, begge to!
Og bøkene er også verdt å lese!

Anonym sa...

hater denne filmen hat hat. Boka er VIDUNDERLIG etter min mening.