6. august 2008

Kva er eit godt dikt?

Eg blir stadig meir interessert i og fascinert av lyrikk, og dermed også stadig meir interessert i sjølv å skrive lyrikk. Men akkurat når det gjeld lyrikk er det som det finst eit stort, bråkete hav av uoversiktleg kunnskap eg må kome meg over først.

For kva er god lyrikk? Kva kjenneteiknar eit godt dikt og korleis skal ein få til å skrive det?

Sjølvsagt er spørsmålet eg no stiller eitt det er yttarst vanskeleg å få eit godt svar på. Men eg trur likevel det kan vere muleg å kome fram til noko essensielt, til nokre ingrediensar eit godt dikt skal eller kanskje endåtil ha.

I tillegg er det slik at dette bråkete havstrekket inneheld ein del kodar som er ukjende for meg som byrjande forfattar. Når eg sjølv les lyrikk navigerer eg umedvite etter kjenslene diktet vekker i meg. Og nokre dikt skaper gjenklang, medan andre ikkje gjer det, utan at eg er flink til å identifisere nøyaktig kva ved diktets struktur, språk, innhald eller intensjon som gjorde det.
Men som lyrikar bør ein vite litt meir om kva ein gjer og kva ein vil gjere.

Det finst også motar innanfor lyrikken. No, til dømes, har eg ei formeining om at det er umoderne å til dømes skrive om natur, medan det er moderne å skrive dikt som har noko absurd og gjerne urbant i seg, ofte samanstilt med noko som er heilt motsett. Og ofte blir dette gjort på ein tilfeldig og umedviten måte, etter mi meining, slik at diktet berre blir "spesielt" og dermed sikkert også "spennande" for nokre lesarar, men utan at der eigentleg ligg noko meining i det. Og meining bør der vere, synest eg. Og innhald. Og noko som vekker gjenklang.

Eg vil no oppmode lesarane mine til å fortelje meg kva de synest eit godt dikt er, korfor og gjerne velje ut eit døme som gir ekstra gjenklang i dykk. Eg gler meg til å lese.

2 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Et godt dikt er det nærmeste litteraturen kommer å si det som egentlig ikke kan sies.

irelars sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.