21. april 2008

Northanger Abbey

1986-versjonen
Då har eg lese ut Northanger Abbey, som eg lenge har vore urimeleg skeptisk til, takka vere ei teit åttitalsfilmatisering med mykje tåke og synthmusikk.

Handlinga i Northanger Abbey er lagt til slutten av 1700-talet, då boka også vart skriven, og vi møter heltinna Catherine Morland på 17 år, som uskyldig og uerfaren blir med sine rike og barnlause naboar the Allens til Bath for å utvide horisonten og ha det gøy.

Her møter ho all slags forlystingar, finn nye vennar - gode og dårlege, blir forelska og opplever for første gong svik, grådigskap og falskheit. Boka er ei forteljing om det å bli vaksen, og er skriven med karakteristisk Austensk ironi kombinert med ekte innleving i det karakterane opplever og føler. Spekka med gode psykologiske karakterskildringar, som er Austens styrke, og herleg sett til overklasse-England ved århundreskiftet 1700- og 1800-talet, har denne boka vunne mitt hjarte.

Og kven skulle trudd: Når eg etter å ha lese boka såg den teite åttitalsfilmatiseringa omigjen, var ho ikkje halvparten så teit som eg opphavleg syntest. Javisst er her dum åttitalsmusikk med synth og eterisk song som ikkje passar inn i tidskoloritten, javisst er her for mykje tåke og alt for mange draumesekvensar, og javisst manglar den ironiske satiren som finst i romanen, men om ein les romanen først og ber den med seg, er ikkje filmen så verst likevel. Og om ein heller vil, kan ein alltids velje å sjå nyfilmatiseringa frå 2007 i staden. Noko eg iallfall har tenkt å gjere om ikkje så altfor lenge.

4 kommentarer:

kristine sa...

Lese gleden din kom godt frem i innlegget. Flott at du gledet deg over boken. Jeg synes den er veldig morsom.

Jeg har ikke sett 80-talls filmatiseringen, men likte veldig godt den fra i fjor.

Aina sa...

Du kan låne den av meg - og så byttar vi Wentworth-bøker med det same! Har også hatt eit gjensyn med "Persuasion". Den filmatiseringa er veldig fin.

Caroline sa...

haha så denne etter å ha lest boka og sett den nye filmen flere ganger. fikk det rådet og det var godt. den er sykt morsom hvis du vet at det store forskjeller mellom 1803 0g 1986 haha

Aina sa...

Ja, den har definitivt sine komiske sider :)