20. april 2008

Oppheng

Eg har fått oppheng i bokomslag.
Får eg ei ny bok, er eg i bokhandelen, eg sjekke kven som har laga omslaget - spesielt viss det appellerer til meg. Nokon andre som har det slik...?

Det underlege er, at overraskande ofte er det nettopp Stian Hole som har laga omslaga på dei bøkene eg sjekkar. Og det er ikkje fordi han lagar like omslag til bøkene han illustrerer, for det gjer han ikkje. I går, til dømes, fann eg ut at det var han som hadde laga omslaget til Jon Fosses Andvake.

Det er jo openbert ikkje nokon likskap mellom dette omslaget og omslaget Hole har laga til mi bok.

Men apropos omslag, sjekk dette innlegget i Mitt liv med Lord Peter og Mr. Darcy. Vi snakkar biletbase, og eg håper dette ikkje like lett kan overførast til omslaget på boka mi...!

Ingen kommentarer: