16. april 2008

Ekteskapet


Som Tehme Melck så vidt er inne på i denne bloggposten, var dagens kronikk i Aftenposten Farvel til nynorsken, av forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn.

Mitt kjennskap til denne unge forfattaren er opprinneleg gjennom hans nettstad http://www.jung.no/, og fordi han sendte meg ein førespurnad om å bidra med tekstmateriale til denne nettstaden etter at han fekk nyss om at eg skulle debutere til hausten. Eg hadde ingenting som var ferdig nok til publisering og som kunne stå på eiga hand (dikt, novelle, kortprosa), så eg har lagt det på is inntil vidare. Noko seinare fekk eg ein invitasjon til lanseringa av hans andre bok Lyden av noen som dør, som kjem i mai, og som faktisk er skriven på nynorsk. Og at denne boka, som like gjerne kunne vore ei bokmålsbok utifrå tittelen, faktisk er på nynorsk, spring rett til kjerna av det kronikken hans handlar om.

Han skriv at "alt" er lov i nynorsk i dag (det er det jo ikkje, då det t.d. ikkje er lov til å skrive skille eller fortelle, til mi vesle sorg), og at han, etter å i lang tid ha vore utru med bokmålet, er blitt språkforvirra i så stor grad at han no planlegg å skilje seg frå sin tidlegare nære venn nynorsk, og gifte seg med bokmål i staden.

Han er altså eit lite hjartesukk, denne kronikken, og kjem på eit tidspunkt der iallfall eg er yttarst medviten om nynorskens ymse sider. Eg kan forstå det Tjønn er inne på, hans frustrasjon og hans resignasjon. Samtidig forstår eg det ikkje. Han er oppvaksen i Sogn, har ei nynorsk dialekt (i hovudsak, alle såkalla nynorske dialekter eg kjenner til er i varierande grad influert av bokmålet) og gav ut sin første roman på nynorsk, sjølvsagt på nynorskens høgborg Samlaget. No har han gått over til Cappelen Damm, og er altså språkfrustrert.

Sjølv ville eg aldri tatt ut skilsmål med nynorsken. Til det er han for viktig for meg, både idealistisk, politisk, og ikkje minst litterært og kunstnarisk. Det er trist for nynorsken at han mistar forfattarar som Brynjulf Jung Tjønn. Kanskje er det ikkje så dumt med ei ny, strengare og meir einskapleg nynorsknorm. Bokmålet er jo allereie enkelt og normativt. Nynorsken kunne kanskje bli meir levedyktig om ein modernisert einskap vart innført?

Avil er også engasjert i dette temaet.

5 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Ja, trist for nynorsken at den mister en forfatter som Brynjulf Jung Tjønn. Og kanskje litt skuffende at han gir opp et språk som tydeligvis har betydd så mye for ham. Den situasjonen han opplever som frustrerende, kunne jo like gjerne ha provosert ham til å kjempe for nynorsken. Er det ikke bare frustrasjon over nynorskens utvikling som ligger bak her, men kanskje også vikarierende motiver, som for eksempel et håp om å selge flere bøker på bokmål?

Aina sa...

For min del fører det til at eg heller vil kjempe for ei meir konsekvent og einskapleg språknorm som gjer det lettare for oss alle å bruke dette fantastisk vakre skriftspråket, som trass alt er bygd over det opphavlege norske språket.

Kva som ligg under hans avgjersle om å bytte målform er ikkje godt å seie, men eg håper sjølvsagt at reint monetære motiv ikkje har vore det utslagsgivande.

Avil sa...

*bevrande underleppe*

Me er ikkje komme til korrekturen på boka mi, men eg har tenkt meg å kjempe for fortelle og fortelling.
Det er viktige og sentrale ord for meg, og dei blir nærast ubrukelege med j.

Aina sa...

Eg forstår kva du meiner, Avil.

Samtidig stiller eg meg spørsmålet om det skal vere slik at eit skriftspråk skal kunne formast for å passe kvar og ein av oss utifrå vår eiga dialekt e.l. Då får vi jo tilstandar som vi hadde på attenhundretalet, før rettskrivingsnormene si tid. Og for bokmålsfolk verkar det jo ikkje vere eit tema, eingong, etter at samnorskingane blei færre.

Men uavhengig av det spørsmålet, synest eg der er ein del ordformer som nynorsken burde ha plukka opp. Som "fortelling", "velge", "skille, osb.

Avil sa...

Eg veit ikkje om wordpress sender tilbaketråkk automatisk, men eg har no skrive litt om dette og lenka til deg. *tipsar*