16. april 2008

Med såpe og vatn

Språkvasken er overstått.
Manuset mitt er blitt nøye gjennomgått av ein dyktig språkkjennar, og eg har føretatt dei naudsynte endringane, slik at boka mi skal halde god rettskrivingsstandard når ho kjem til hausten.

Prosessen går som følgjer:
1. Eg har forsøkt å korrekturlese eige manus så godt som muleg på eiga hand, og sender det ifrå meg

2. Ein språkvaskar gjennomgår manuset, ser på verb- og substantivformer - det er jo ein del valfridom i nynorsk, men det er ein fridom under ansvar, som det heiter. Det er nemleg ikkje alltid så lett å vere fri på ein konsekvent måte, eller å skjøne når ein får lov til å vere fri, og når det ikkje er lov. Eit døme: Det er lov til å skrive tenke på nynorsk (det er ei klammeform) kontra tenkje, men det er ikkje lov til å skrive fortelle - her ein skrive fortelje. For slike som meg, som ikkje er så glad i den nynorske j-en, blir det dermed noko rusk som språkvaskaren må skure vekk.

3. Eg får tilsendt det språkvaska manuset, samt ei personleg ordliste.
Rettingane i manuset er skjedd elektronisk, og er merka med t.d. blå skrift, samt eit merknadsfelt som viser seg i venstre marg. Min jobb er å gjennomgå desse forslaga til rettingar, og godta eller forkaste dei, eller eventuelt kome med endå eit nytt forslag til ord. Eg hadde t.d. skrive eit jorde - alle jordene, noko som ikkje er korrekt. Det korrekte er alle jorda. Då dette føltes feil for meg, retta eg det til alle markene i staden.

4. Eg sender manuset tilbake til forlaget med eigne rettingar.

5. Ein ny runde korrekturlesing, eventuelt diskusjon med forfattaren, dersom ho har vore vrang.

Eg hadde heldigvis ikkje altfor mykje rusk i manuset, og har forsøkt å ikkje vere vrang.

Her er eit utdrag frå mi personlege ordliste, for dei som måtte finne det interessant:

Ein del substantiv som kan ha alternative former – forfattaren bruker desse formene:

andlet
eit augnebryn
ein bekk, bekkar
ein benk, benkar
eit dun
ei erm, ermer
ein fjøs
ein flekk, flekkar
ei greip
kjøt
kors (ikkje kross)
ein legg, leggar
ein linning, linningen
løn
ei nytte
ein pakke
ei kulde
ein lem, lemmar
messing (ikkje massing)
mørker, mørkret
ei rekke
ein sko, fleire sko, skoa
ei stove
eit smil
svevn (ikkje søvn)
søster (men ikkje i bibelsitatet)
ein vegg, veggar
ein gong, gongar

eit øyre, alle øyra

1 kommentar:

Avil sa...

*noterer flittig bak øyra*