13. april 2008

Biletbøker

Stian Hole: Den gamle mannen og hvalen
Ein flott sjanger som er lite kjent, er biletboksjangeren.
Og då tenker eg særleg på dei flotte, kunstnariske, norske biletbøkene, som fungerer veldig godt både for barn og vaksne. Altså allalderbøker.

I dag var eg på Litteraturhuset for å høyre og sjå Kristin Roskifte og Stian Hole lansere sine komande biletbøker. Kristin Roskifte har leika mykje med bokstavar, og boksidene ho viste, var både morosame, interessante og gjorde oss nyfikne på å lese og studere bøkene hennar meir. Hennar siste bok, Jorda rundt på 29 bokstaver, verka spennande både for små og store.

Stian Hole, som eg har nemnt her fleire gongar tidlegare, sidan det er han som har laga det flotte omslaget til debutromanen min, viste og las frå si komande biletbok Garmanns gate. Hole har tidlegare fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt for si førre bok, Garmanns sommer, som har vunne prisar både innanlands og utanlands, og som er omsett til fleire språk. Den nye boka er også fin og spennande, og vidarefører Stian Holes unike stil.

Det vart også tid til ein liten prat med sistnemnte. Han kjende meg igjen frå forfattarportrettet, og kom bort for å helse på. Det var sjølvsagt veldig hyggeleg, og kompliment blei utveksla frå begge sider. Eg ser fram til å snakke meir med han, om korleis han jobbar fram dei flotte illustrasjonane han har laga til både eigne og andres bøker. Det er forøvrig han som har illustrert mange av dei nyare bøkene til Lars Saabye Christensen, som er ein av mine norske favorittforfattarar.

Ingen kommentarer: