Eg skulle ønskje eg kunne vise dykk dei vakre omslagsskissene eg har fått tilsendt frå redaktøren min, via Stian Hole, men det kan eg ikkje. Ikkje enno.
Men eg kan seie at dei var nydelege, begge to. Utsøkte fargar, enkle, med vakker hand(liknande)skrift.
Eg sit her med manuset og har omlag førti sider igjen i det eg kallar første interne revisjonsrunde, altså den første runden eg sjølv tek med dei kommentarane eg har fått. Etter denne følgjer minst ein til, gjerne to, før eg sender manuset frå meg igjen seint på søndag, med håp om at det eg har gjort ikkje er altfor røytegale.
Og som de ser av overskrifta er tittelen bestemt. Det var Midifila som fann den rette samanstillinga av orda eg hadde funne fram til, så mange takk for det!
No håper eg på septemberbok og gler meg til å vise dykk det endelege omslaget!
Viser innlegg med etiketten Stian Hole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stian Hole. Vis alle innlegg
27. april 2010
4. november 2008
Bragenominasjonar

Til dei som ikkje har lese bøkene til Stian Hole, vil eg sterkt tilrå å gjere det. Bøkene er fine både for barn og vaksne, illustrasjonane små kunstverk mellom permar.
Nokre av dykk hugsar kanskje også at det var Stian Hole som laga det vakre omslaget til Ingen må vite.
For meir informasjon om dei nominerte, sjå HER.
Illustrasjon frå Garmanns gate av Stian Hole.
4. juli 2008
Krim = sjuk

Først las eg Den døde kjem tilbake, som er den einaste av Patricia Wentworths klassiske kriminalromanar som er omsett til norsk. Miss Silver på nynorsk var ikkje så verst. Plottet var ikkje så verst, heller, sjølv om det som vanleg i alle Wentworths bøker manglar det store klimakset i oppklaringa vi alle ventar på, og er så godt vane med frå bøkene til Agatha Christie og Dorothy L. Sayers. Deretter las eg Garmanns sommer skikkeleg nøye, og koste meg med alle dei små, fine detaljane i illustrasjonane til Stian Hole. Dette var sannsynlegvis etter at eg hadde lese teksten hans i Årboka Litteratur for barn og unge 2008, der det også stod om Marit Kaldhols Kino (begge desse bøkene vart prislønte i 2006), - som er noveller for unge som alle byrjar med same setninga: "Handa held den store saksa", men utviklar seg i alle slags retningar etter det -, for eg las også Kino like etter.
Så byrja eg på neste krimroman, og denne gongen var det P.D. James og hennar førstebetent Adam Dalgliesh som - eg heldt på å seie - fekk unngjelde. Novel. Eg har lese ut 2/3 av boka, og er ikkje like skuffa over P.D., som eg er over dei fleste andre nyare krimforfattarar. P.D. er trass alt kjent for å ha behaldt noko av elementa frå den klassiske, britiske krimen, og derfor er det ikkje like keisamt å lese om Dalgliesh, som om dei fleste andre fordrukne, skilte, operaelskande, mannlege detektivane der ute. Dalgliesh er, til forandring, lyrikar og verkar ikkje særskilt fordrukken, iallfall ikkje i denne boka, Det svarte tårnet.
Men no er eg frisk, så når eg har lese ut denne siste krimboka, er det tilbake til kvardagen og den seriøse litteraturen... (her hadde det passa med eit geipesmileteikn)
18. juni 2008
Eg blir tilrådd for første gong
I dagens bokbilag til Dagsavisen, blir eg og romanen eg har skrive tilrådd av Stian Hole, som er aktuell med si tredje - og nydelege - biletbok Garmanns gate.
Eg siterer (med svulmande hjarte):
Hva vil du anbefale andre å lese?
- Jeg anbefaler "Ingen må vite" av Aina Basso. Boka kommer snart på Samlaget. En gripende historie fra 1700-tallet, sterkt og sikkert fortalt med få ord. Jeg har satt et stort kryss i taket for denne debutanten.
Kva skal eg seie?
TAKK!

20. april 2008
Oppheng

Får eg ei ny bok, er eg i bokhandelen, må eg sjekke kven som har laga omslaget - spesielt viss det appellerer til meg. Nokon andre som har det slik...?
Det underlege er, at overraskande ofte er det nettopp Stian Hole som har laga omslaga på dei bøkene eg sjekkar. Og det er ikkje fordi han lagar like omslag til bøkene han illustrerer, for det gjer han ikkje. I går, til dømes, fann eg ut at det var han som hadde laga omslaget til Jon Fosses Andvake.
Det er jo openbert ikkje nokon likskap mellom dette omslaget og omslaget Hole har laga til mi bok.
Men apropos omslag, sjekk dette innlegget i Mitt liv med Lord Peter og Mr. Darcy. Vi snakkar biletbase, og eg håper dette ikkje like lett kan overførast til omslaget på boka mi...!
13. april 2008
Biletbøker
Stian Hole: Den gamle mannen og hvalen
Ein flott sjanger som er lite kjent, er biletboksjangeren.
Og då tenker eg særleg på dei flotte, kunstnariske, norske biletbøkene, som fungerer veldig godt både for barn og vaksne. Altså allalderbøker.
I dag var eg på Litteraturhuset for å høyre og sjå Kristin Roskifte og Stian Hole lansere sine komande biletbøker. Kristin Roskifte har leika mykje med bokstavar, og boksidene ho viste, var både morosame, interessante og gjorde oss nyfikne på å lese og studere bøkene hennar meir. Hennar siste bok, Jorda rundt på 29 bokstaver, verka spennande både for små og store.
Stian Hole, som eg har nemnt her fleire gongar tidlegare, sidan det er han som har laga det flotte omslaget til debutromanen min, viste og las frå si komande biletbok Garmanns gate. Hole har tidlegare fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt for si førre bok, Garmanns sommer, som har vunne prisar både innanlands og utanlands, og som er omsett til fleire språk. Den nye boka er også fin og spennande, og vidarefører Stian Holes unike stil.
Det vart også tid til ein liten prat med sistnemnte. Han kjende meg igjen frå forfattarportrettet, og kom bort for å helse på. Det var sjølvsagt veldig hyggeleg, og kompliment blei utveksla frå begge sider. Eg ser fram til å snakke meir med han, om korleis han jobbar fram dei flotte illustrasjonane han har laga til både eigne og andres bøker. Det er forøvrig han som har illustrert mange av dei nyare bøkene til Lars Saabye Christensen, som er ein av mine norske favorittforfattarar.

4. april 2008
Stian Hole på Litteraturhuset

Stian Hole fikk Brageprisen for boka Garmanns sommer da den kom i 2006. Nå er oppfølgeren Garmanns gate ferdig, og det er den Stian Hole tar med seg på dette arrangementet. Det blir fine bilder og fine lesninger for små og store mennesker.
Dette vil eg få med meg!
Ein ypparleg sjanse til å ta del i Stian Holes magiske univers, og ikkje minst få høvet til å helse på og takke for det nydelege omslaget han har laga til boka mi.
15. januar 2008
Ingen må vite

Som de kanskje forstod allereie då, har eg stor sans for Stian Holes arbeid, og gleda er difor stor når eg no kan annonsere at det blir akkurat han som skal lage omslaget på boka mi, Ingen må vite! Dette har kome i stand heilt utan min innverknad, og eg fekk vite det frå redaktøren min i dag.
Beskjeden skapte sommarfuglar i magen. Og som de kanskje forstår er også boktittelen no i hamn.
For ei spennande tid!
14. november 2007
Allalderbøker
Illustrasjon frå Garmanns sommer
er eit omgrep Jon Fosse brakte inn i litteraturen ein gong på nittitalet.
Allalderlitteratur er litteratur som vender seg både til barnet og den vaksne. Teksten, og eventuelt illustrasjonane i ei bok, har ei dobbel tyding eller ei dobbel stemme. Døme på allalderbøker er biletbøker, som t.d. Brageprisvinnar Garmanns sommer av Stian Hole. Desse bøkene har eit ytre handlingsplan berekna på barnet, og eit symbolsk plan berekna på den vaksne.
Det kan også vere ungdomsbøker eller fantasylitteratur, som inneheld ordspel, ironi eller parodiar mynta på den vaksne lesaren. Illustrasjonane kan også ha fleire lag, og slik vere spennande både for barna og dei vaksne, på ulike måtar. Gro Dahle og Svein Nyhus er andre forfattarar som har arbeidd innanfor denne sjangeren.
Eg meinar at også Harry Potter-bøkene, Ringenes Herre-bøkene og Phillip Pullmans trilogi Den mørke materien, er gode døme på allalderbøker. Også bøker av Roald Dahl kan kome innunder sjangeren, til dømes Matilda og Heksene.

Abonner på:
Innlegg (Atom)