15. januar 2008

Ingen må vite

Hugsar de innlegget mitt frå ei stund tilbake om Allalderbøker, der eg nytta denne fantastiske illustrasjonen av Stian Hole?

Som de kanskje forstod allereie då, har eg stor sans for Stian Holes arbeid, og gleda er difor stor når eg no kan annonsere at det blir akkurat han som skal lage omslaget på boka mi, Ingen må vite! Dette har kome i stand heilt utan min innverknad, og eg fekk vite det frå redaktøren min i dag.

Beskjeden skapte sommarfuglar i magen. Og som de kanskje forstår er også boktittelen no i hamn.
For ei spennande tid!

11 kommentarer:

leselama sa...

"Ingen må vite!" var da en knakende flott tittel, Aina! Sånn passelig pirrende.
Stilig også at du fikk "tildelt" en illustratør du hadde sansen for! Noen ganger klaffer ting skikkelig bra! ;-)

Jeg får ikke fram Stian Holes illustrasjon her jeg da, men det er kanskje bare meg?

Aina sa...

Tusen takk, leselama!
Kjekt at du synest det.

Du får google han, då veit du. Han har mykje flott på cv-en. Ein skikkeleg flink fyr!

Sjølv får eg opp illustrasjonen, så eg veit ikkje kva som kan vere problemet!

Tove sa...

Så heldig du er! Stian Holes illustrasjonar og bøker er heilt fantastiske! Gler meg til boka di kjem! Og ikkje på grunn av framsideillustrasjonen, altså ;-)

Aina sa...

Tusen takk for det, Tove! :)

Ja, eg føler meg veldig heldig som får Hole som illustratør. Spent på resultatet!

Avil sa...

Åh hildrande du, kor kjekt!

Mali Rose sa...

Han lager helt fantastiske ting, gleder meg til å se hva han kan gjøre for boka di! jeg lurer på hvordan han jobber? Om han kommer til å be om inspill fra deg eller om han leser og baserer seg på boka

Skriv gjerne om den prosessen også!

kristine sa...

Jeg gleder meg til å se omslaget når han blir ferdig. Jeg vet at du var spent på omslagsdesign - noe du sikker fortsatt er - så det må være deilig å vite at det er i gode hender.

Aina sa...

Ja, det blir spennande å sjå!
Veit ikkje korleis han jobbar, men så vidt eg veit er det fleire som har eit ord med i laget:
Illustratøren (openbert), redaksjonen og marknadsavdelinga i forlaget, samt forfattaren.

Eg har gitt mine innspel til redaktøren, så får vi sjå kva resultatet blir. Eg har ingen konkrete ønske, mine innspel går mest på kva slags fargar eg ser føre meg: Duse fargar, jordtonar, eit hint av blågrått. Og det rustraude håret til Ingeborg.

Cassandra Mortmain sa...

Gratulerer! Både med velvalgt tittel og flott illustratør.

Tehme Melck sa...

Jeg slutter meg til cassandra, og gratulerer både med tittel og illustratør.

Aina sa...

Tusen takk, begge to!
Det gler meg at tittelen fell i smak! Så får vi sjå kva Stian Hole får til :)