
Korfor er det heilt i orden å skrive skvis (squeeze), sjalu (jealoux) og etasje (etage), medan vi ser på folk som dumme dersom dei skriv abonnemang (abonnement) eller resturang (restaurant)? Korfor skriv vi framleis keeper og ikkje kiper? Korfor skriv vi pub og pizza, i staden for pøbb og pitsa, charter i staden for kjarter, makeup i staden for meikøpp? Og korfor er det heilt ok å skrive blågg (blog), sjølv om dette er ei ulogisk fornorsking, ettersom ordet blog er ei forkorting av weblog, som på norsk ville blitt nettlogg eller vevlogg? Logg er jo eit norsk ord. Sjølvsagt kunne ein argumentere for at vi like gjerne kan skrive blågg, sidan b-en ville forsvunne og blitt erstatta med ein t (tlogg) eller v (vlogg) dersom vi skulle halde oss strengt til ein fornorska variant.
Nei, denne fornorskinga er sanneleg ikkje enkel.
Korfor snøbrett blir mindre brukt enn snowboard, og målmann høyrest ut som ein lam syttitalsmåte å seie keeper på, medan andre ord, som t-skjorte (t-shirt) eller olabukse/ dongeribukse (jeans), glir inn i språket vårt og finn sine fornorska former lett som ingenting, er ikkje enkelt å svare på.
Men prøv gjerne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar