27. april 2010

Fange 59. Taterpige

Eg skulle ønskje eg kunne vise dykk dei vakre omslagsskissene eg har fått tilsendt frå redaktøren min, via Stian Hole, men det kan eg ikkje. Ikkje enno.
Men eg kan seie at dei var nydelege, begge to. Utsøkte fargar, enkle, med vakker hand(liknande)skrift.

Eg sit her med manuset og har omlag førti sider igjen i det eg kallar første interne revisjonsrunde, altså den første runden eg sjølv tek med dei kommentarane eg har fått. Etter denne følgjer minst ein til, gjerne to, før eg sender manuset frå meg igjen seint på søndag, med håp om at det eg har gjort ikkje er altfor røytegale.

Og som de ser av overskrifta er tittelen bestemt. Det var Midifila som fann den rette samanstillinga av orda eg hadde funne fram til, så mange takk for det!

No håper eg på septemberbok og gler meg til å vise dykk det endelege omslaget!

6 kommentarer:

Mettemor sa...

Flott! Fin tittel. :-)

heklehatt leser sa...

fantastisk! bra jobbet, aina! og beklager manglende tilbakemeldinger i avstemmingsprosessen: jeg hadde glemt å oppdatere flimre til a-b-bloggen på siden min, og derfor så jeg ikke at du hadde nye innlegg... lykke til i innspurten:-)

Lille søster sa...

Fin tittel! Den vekker nysgjerringheten min.

Midifila sa...

Artig å få vere med deg, Aina.
Gler meg til å sjå resultatet!

Aina sa...

Takk, folkens! Håper den vekker nysgjerrigheita til fleire!

Heklehatt:
Det går bra, veit du. Men eg har eit husflidspørsmål til deg. Veit mor di tilfeldigvis noko om veving og vevterminologi?

Midifila:
Ja, ein takk til deg! Utsida blir iallfall veldig vakker, takka vere Stian Hole, innsida kjenner eg meg litt inhabil i forhold til ;)

heklehatt leser sa...

det gjør hun, vettu. jeg kan maile deg mail og tlf til henne - ellers kan du jo teste meg!