28. april 2010

Kva er eigentleg ungdomslitteratur?

Dette spørsmålet blei stilt på Litteratur på Blå i går og eg stiller meg også det same spørsmålet. Kva er eigentleg ungdomslitteratur?

Vi seier jo ikkje vaksenlitteratur om alle bøker som er for vaksne, gjer vi? Nei, der skil vi mellom romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, dokumentarromanar, kiosklitteratur - jau, for vi skil kiosklitteraturen ut av den vanlege vaksenlitteraturen, gjer vi ikkje? Desse serieromanane som er til sals frå snurrestativ i kioskar og bensinstasjonar? Og vi skil også mellom dei gode, litterære bøkene og dei dårlege bøkene. 

Men det gjer vi ikkje i ungdomslitteraturen. I ungdomslitteraturen er det slik at alderen til målgruppa er namnet på ein sjanger. Men det er jo ikkje éin sjanger. Då eg var på skulebesøk sist, spurte eg elevane kva dei likte å lese. Dei likte å lese veldig mykje forskjellig, sa dei. Nokre likte godt fantasy, slik vi veit at mange ungdommar gjer, andre var glade i krim og action, mange av jentene var tydelege på at dei likte å lese om kjærleik. Og alt dette skal famnast inn i same bås, båsen heiter ungdomsbok og denne båsen plar få mykje kritikk, om han i det heile får noko som helst merksemd i det offentlege rom. 

På Blå i går kom ei tøff, ung jente fram og las eit kritisk innlegg mot ungdomslitteraturen. Han nedvurderer oss, sa ho. Han snakkar ned til oss, han har ein altfor tydeleg agenda, han vil hjelpe oss, lære oss opp, men vi gjennomskodar det, vi veit alt dette frå før! 

Eg trur ikkje den unge jenta er heilt representativ for ungdom som målgruppe, ho har openbert lese svært mykje og sit i juryen til Ungdommens kritikerpris. Men likevel. Dette er ryet til ungdomslitteraturen. Tenk om vaksenlitteraturen skulle skjerast over ein kam på denne måten? 

"Å, eg orkar ikkje lese vaksenlitteratur, altså. Han nedvurderer meg slik!"

Gjer han? All vaksenlitteraturen? Alle bøkene som finst for vaksne?

Kva er det som gjer at ungdomslitteraturen har fått så dårleg rykte, kven er det sin feil og kva kan vi gjere med det? Eg trur problemet er at det finst for mykje dårleg litteratur der ute, at det av ein eller annan grunn er denne som blir gjort tilgjengeleg for ungdommane - eg tenker berre på mitt eige medlemsskap i ein viss TL-klubb som sendte ut nokså elendige serieromanar om Sweet Valley High-gjengen, som ikkje akkurat heldt høg litterær kvalitet. 

Vi samlar jo ikkje fantasy, krim, thriller, sosialrealisme, lyrikk, oppveksskildringar, kjærleiksromanar, historiske romanar, kortprosa og serieromanar i éin bås. Men jau, gløym det, vi gjer jo det. Båsen heiter ungdomslitteratur. 

13 kommentarer:

Elen sa...

Veldig godt innlegg, Aina.
Det var akkurat dette som var så frustrerende i går på debatten. Vi fikk aldri definert hvilken type ungdomslitteratur vi skulle snakke om, og endte derfor opp med å snakke om ungdomslitteratur som en eneste stor litterær sjanger.

Aina sa...

Takk, Elen. Inspirert av deg, debatten og kanskje særleg vår private samtale om dette på førehand. Eit viktig tema som ingen ser ut til å bry seg synderleg om.

MagFly sa...

Eg veit ikkje kva debatt de har vore på, men vil prøve meg på ein enkel definisjon, slik den kanskje bør vere:

Ungdomslitteratur er bøker ungdom vil lese.

Tida frå du reknar deg sjølv som ungdom til du synest du må slutte med det er lang, og eg håper dei fleste har lese fleire typar bøker i denne perioden.

Sjølv elska eg både Sweet valley high, Den flyvende brasilianer, Beatles og Hvite niggere. I tillegg til alt av Evi Bøgenes (les framleis det om eg treng late som eg er 13 ein time). ...og eg hadde likt Ingen må vite.

Eg ville lese omtrent alt (sånn bortsett frå dei mamma kjøpte på nynorsk) og trong alt for å bli ein lesar.

Jobben er vel kanskje å vise mangfaldet? Ulike lesarar til ulike bøker. Vise at det finn ulike bøker til ulike dagar.

Elin sa...

Vet du hva? Jeg bruker faktisk uttrykket "voksenbok", evt. "voksenlitteratur". Om det er fordi jeg er yrkesskadet, vet jeg ikke, men jeg bruker det. :-)

Men strengt tatt, for å være litt mer alvorlig, jeg er ikke så glad i begrepet "ungdomslitteratur". Ja, for som du skriver her, hva er ungdomslitteratur?

Og når det gjelder jenta du forteller om, så er jeg ikke så sikker på om hun ikke er representativ. Om ikke annet er hun nok representativ for ei gruppe unge lesere. Jeg har også møtt dem, de som sier at "disse bøkene ser ned på oss".

Men jeg er enig med deg - ungdomslitteratur er mer enn bare én genre! Jeg har lest flere bøker som er kategoriesert som ungdomslitteratur, men som jeg like gjerne kunne satt på voksen-hylla (Aina vet jo at jeg er bibliotekar, noen andre som leser denne kommentaren visste det kanskje ikke, men vet det nå). Ja, hva er det som egentlig gjør din egen bok til ungsomsbok, Aina? Ingen må vite kunne, slik jeg ser det, like gjerne ha vært ei voksenbok. Språkmessig og innholdsmessig hadde den fungert like fint som en annen roman gitt ut med voksne som målgruppe.

Men dette er en interessant debatt. Kanskje jeg skal skrive noe om det i bloggen min selv?

Barb. sa...

Jeg likte Sweet Valley High jeg...

Kjerstin sa...

Eg har av og til lurt på om vi ikkje burde snu om på omgrepa. Har ofte inntrykk av at ungdomslitteratur skal oppfylle nokre enkle kriterie, t.d. spenningsfylt, romantisk, plottdrive, ikkje alt for innvikla språk... Men når ein ser nøyare etter, så oppfyller jo alle dei mest lesne vaksenbøkene (krim, bokklubbøker og "bestseljarar") desse kriteria. Medan "vaksenlitteratur" ofte blir tolka som klassikarar, drama, halv- eller heilfilosofiske verk, og liknande. Men kven er det som les Dostojevski? Det er folk mellom femten og femogtjue. Ingen les slikt etter at dei er blitt vaksne og har falle på plass i leserutinene sine. Det er ungdom som vil bli utfordra gjennom litteratur, ikkje vaksne - dei vil berre slappe av. Eg skal vedde på at alle ville blitt meir nødge om vi hadde flytta alle vaksenbøkene inn i ungdomsavdelinga, og omvendt.
(Eg overdriv sjølvsagt. Men berre delvis.)

Heidi sa...

Jeg forstår egentlig ikke hva vi skal med "ungdomsbok/-litteratur" som kategori uansett. At det finnes en kategori for barnebøker er forståelig, siden det jo har mye med kognisjon og utvikling å gjøre, men selv en god barnebok bør være en som er fornøyelig for både barnet og den voksne som leser høyt. Ungdomslitteratur er for meg en slags ikkekategori hvor man trykker ut og lemper inn allverdens av rask og middelmådigheter. Ikke dermed sagt at alt som blir klassifisert som ungdomslitteratur er dårlig, men ofte er disse gode bøkene noen som også kan leses (med glede) av voksne.

Aina sa...

Vi kunne jo kalla det fantasy for ungdom, dikt for ungdom, noveller for ungdom, ungdomsroman, osb. Vi gjer vel kanskje det, også.

Men det folk sit att med er dei definisjonane fleire av dykk kjem med her, at det er ein ikkje-kategori som ikkje er naudsynt og som berre er full av 'rask og middelmådigheter'. Kven har skapt det inntrykket?

Og kven trur at eit menneske verkeleg kan hoppe frå Anne Cath. Vestly til Nikolay Frobenius (som Elen så fint sa det i går) utan nokon ting imellom? Vi treng også litteratur som er tilpassa både i nivå og tematikk til dei som ikkje er barn lenger, men som heller ikkje er vaksne!

Kanskje treng vi også dei 'dårlege' bøkene, dersom dei 'skaper leselyst' og alt det andre som blir framhalde som viktige, pedagogiske mål. Men som litteratur, som heilskap, fortener ikkje ungdomslitteraturen det dårlege ryktet han har fått, det finst ufatteleg mange gode bøker og like mange dedikerte forfattarar, som ikkje er ute etter å pedagogisere eller tene raske pengar på 'dumme' ungdommar eller foreldra deira, men som ser på litteratur for barn og unge som like viktig både som litteratur og som kunst.

Heidi sa...

Jeg har motforestillinger mot kunst som er rettet inn mot enkeltgrupper, og ønsker meg heller et bredt spekter av god litteratur å velge mellom, enn slike kategorier som "ungdom" og "voksen". Jeg tenker at det gjør litteraturen snevrere, og lager færre reelle valgmuligheter ved at man kanskje velger bort litteratur hvor en selv ikke er i målgruppen.

Jeg foretrakk voksenlitteratur selv i ungdomstiden min, så jeg ser ikke noen nødvendighet i at den overgangen skal være uoverkommelig.

Aina sa...

Når reknar du ungdomstida di frå, då, Heidi? Kva var den siste barneboka du las (og når) og kva var den første vaksenboka (og når), dersom du meiner du hoppa rett over heile ungdomslitteraturen? Eg las veldig mange ungdomsbøker frå eg var kanskje 10-12 og heilt opp til vidaregåande, langsamt ispedd vaksenbøker som passa også for så unge menneske. Eg har alltid lese barne- ungdoms- og vaksenbøker om kvarandre, gjer det enno, og ser ingen problem i det. God litteratur er god litteratur, uansett merkelapp.

Men eg las jo mange _gode_ ungdomsbøker, så eg har aldri forstått denne aversjonen mot litteraturen som mange ser ut til å ha. Det verkar litt lite nyansert sett frå min ståstad.

Elin sa...

Jeg leser fortsatt mange barne- og ungdomsbøker, jeg, så den siste barneboka jeg leste er det ikke så lenge siden jeg hadde nesa i. ;)

Caterina sa...

Jeg er ute på tynn is her, for jeg har aldri våget meg på en "ungdomsroman". (Jo, det har jeg, men det er hemmelig og aldri ferdigstilt ... )

Jeg skal jobbe i prosjekt i den videregående skolen. Og siden jeg har fire ungdommer i huset i alderen 16-19, vet jeg litt hva det går i. Og jeg har tre stikkord: Seksualitet, identitet og løsrivelse.

Nivået er forskjellig og veldig individuelt, men det må være mulig å skape noe som favner disse stikkordene, og som holder høy litterær kvalitet, tilpasset aldersgruppen. Du vil uansett alltid finne ungdom som er drevne lesere, og dem som ikke er det.

Veldig fint innlegg, Aina, og til ettertanke.

Aina sa...

Kjekt å 'sjå' deg igjen, Caterina. Lykke til med spennande prosjekt, gler meg til å sjå resultatet!