Ein gong blir eg kanskje så blasert at eg ikkje får dei lenger, at dei ikkje slår meg, med full kraft, som plutselege innsikter - alt dette eg eigentleg veit, eg veit det jo, med fornufta, at det er slik, likevel føler eg det ikkje før det plutseleg slår meg.
I går var det Camilla Collett som gjorde det.
Eg tenkte på Camilla Collett og på eitt av dei neste skriveprosjekta eg planlegg og grunnar over, og det slo meg: Men eg kan jo skrive om akkurat det eg vil!
Og eg kjente meg så fri!
Akkurat det eg vil!
Så slo det meg at eg faktisk skriv. At eg får gitt ut bøker. Ikkje berre ei, men ei til. Og etter det, kanskje ei til. Pang! sa det og eg kjente meg så ufatteleg lykkeleg og heldig og framtida strekte seg som ein lys og varm veg framom meg.
Det fanst ingen hindringar, berre varme, berre glede, berre fridom og plutselege innsikter, som slo meg med full tyngde, som røska meg frå jorda og heiv meg langt opp i lufta.
Det heng framleis litt att i meg. Som ei lett bobling i bringa, eg unner alle å vakne slik til ein ny dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Og så skildrer du denne innsikten med utrolig vakre ord, kjenner faktisk at jeg ble litt oppløftet selv :-)
Dette ble jeg glad av å lese!
Jeg synes det er en så god følelse når enkelte setninger bare slår meg ut, treffer, sier alt som jeg har tenkt, men aldri klart å sette ord på. Du skriver fint, og ja,dette var - opppløftende: )
dette minner meg om noko Linda sa ein gong. Klakken sa: "når eg les andre, gode forfattarar sine bøker, veit eg at alt er lov når ein skriv. og så skriv eg"
Legg inn en kommentar