Viser innlegg med etiketten Krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Krim. Vis alle innlegg

6. oktober 2015

Inn i gløymsla

Mange av oss støyter i løpet av livet på demens hos ein eller fleire av dei vi er glade i. Det er vondt i starten, å sjå fortvilinga forvirringa medfører, kor ekkelt det er å forstå at ein har byrja gløyme. Lenge kan både vi og den det gjeld bortforklare: det er vanleg å gløyme når ein blir eldre, det er vanleg å gløyme meir når ein er trøytt eller har vore utsett for påkjenningar og sjukdom. Slik er det ei stund, kanskje i mange år. Men etter kvart stig forskjellen fram mellom det å vere litt gløymsk og det å sakte og ubarmhjartig forsvinne inn i den store gløymsla, der draum og røynd blandar seg og notid og fortid er umogeleg å skilje.

Det vondaste for den pårørande er når den ein er glad i ikkje kjenner deg att lenger. Når blikket blir symjande, uforståande, forvirra. Eller når den demente endrar personlegdom og viser seg som ein heilt annan enn den ho eller han har vore for deg i alle åra før desse. Og så er gleda desto større dei gongene den demente har eit glimt av attkjenning i seg. Er slik som før og smiler når du kjem, seier: «Der kjem du!», seier: «Du liknar på meg, du!», seier kanskje namnet ditt, i sjeldne, gylne augeblikk.

Kanskje er det den personlege erfaringa som gjer at eg er blitt merksam på at det er kome mange bøker om eller med demente personar dei seinare åra (for bøker om demens har sjølvsagt kome lenge før eg byrja legge merke til det). Cathrine Knudsen snakka om å skrive om demens på Litteratursymposiet i Odda for nokre år sidan, i romanen Jeg kunne vært et menneske som kom i 2011. Martin Baldysz debuterte med romanen Vintertrang i 2013, Laila Sognnæs Østhagen gav i 2014 ut I morgen forsvinner jeg litt til og Cecilie Enger skreiv Mors gaver, inspirert av si eiga mors demens.

Ei av dei finaste skildringane av demens eg har lese er i novella til Alice Munro The Bear Came Over the Mountain frå samlinga Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage, filmatisert i vakre Away from her, om eit ektepar der kvinna blir dement og forsvinn inn i si eiga verd. 

No har eg byrja lese ei heilt anna slags bok, nemleg ein krim med ein dement person i hovudrolla; Elisabeth is Missing av Emma Healey. Korleis nøste opp i ei forsvinningssak når ein heile tida gløymer kva det er ein leiter etter og kva ein har fått vite? Når fortid blandar seg med notid, historia til den forsvunne veninna Elisabeth og den forsvunne søstera Sukey, kva har skjedd, då og no, kva spor høyrer med til kva for ei gåte?

Eg las mykje krim i yngre år, så mykje at eg blei mektig lei av oppstylta plott og stadig mindre truverdige seriemordarar, og i stor grad har slutta oppsøke sjangeren. Men då Elisabeth is Missing (Elisabeth er borte) kom ut på norsk i vår, fekk boka såpass glitrande kritikkar at eg blei nyfiken. Og sjølv om boka har krimelement er det ikkje den tradisjonelle krimforteljinga du får servert. Skildringa av demente Maud er fint og innsiktsfullt gjort og gåten rundt desse to forsvinningane dreg historia framover. Emma Healey har fått fleire litterære prisar for denne boka, som er hennar debut, og eg gler meg til å lese vidare og håper Maud klarer å finne ut kva som har skjedd.

31. mars 2015

Ikkje gjere det slag

Ukjend kunstnar. Utgivar: Eberh. B. Oppi, ca. 1947. Frå nb.no
Endeleg påskeferie! Eg har reist vestafjells, som eg plar, og vakna i dag til sol over markene, snø på fjella, litt rimfrost på bakken der skuggen frå granene fell.

Planen for påska er enkel: eg skal ikkje gjere det slag. Eg skal vere saman med familien, sove og lese bøker.  Og denne påska, som alle andre påsker, skal eg lese krim. Far min har forsynt meg med sine utlesne bøker, dei ligg i ein stabel på soverommet her ute på øya, så no er det berre å velje og vrake. Førebels har eg løfta Gillian Flynn og Flink pike (Gone Girl) ut av bunken, den har eg forresten kjøpt til far min, sjølv.

Berre for sikkerheits skuld har eg også teke med eit par bøker i kofferten. Den siste til danske Helle Helle, Hvis det er, som eg nesten er ferdig med, og Samlagets store vårsuksess, Mi briljante venninne, av den mystiske, italienske forfattaren Elena Ferrante. Så får vi sjå kor vinden blæs meg.

God påske!

2. mai 2010

I desse hektiske dagane

har eg lese ein ny (og veldig gammal) krimroman av Patricia Wentworth, Miss Silver Comes To Stay, som kom ut i 1949. Eg har tidlegare skrive om bøker av Wentworth, som held seg innanfor den klassiske, britiske krimtradisjonen, at dei ofte er litt for enkle og trivelege, og at ein skjøner kven som har gjort det altfor tidleg i forteljinga. Men ikkje denne gongen!

Miss Maud Silver, tidlegare guvernante, no privatdetektiv, kjem til ein liten landsby for å besøke ei gammal venninne. Ein heimkomen rikmansson blir funnen drepen i herskapshuset sitt og det er fleire enn ein person som har motiv.

Triveleg lesing og passe lett i ei tid der eg rett og slett ikkje klarer å samle tankane om det avanserte.

9. april 2010

Årets klassiske påskekrim

blei lesen ut i går, på senga.
Og denne gongen hadde Patricia Wentworth klart å halde korta tett til brystet veldig lenge, overraskande nok. Det er nemleg ikkje så reint sjeldan muleg å gjette mordaren i ein Patricia Wentworth-krim lenge før ein eigentleg har lyst. Bøkene plar likevel vere lett og underhaldande lesing. Ikkje like innvikla som Agatha Christie sine mordintriger, men ofte like usannsynlege (om ein skal vere litt streng).

Pilgrim's Rest, som boka heiter, handlar om det gamle huset Pilgrim's Rest, som har ei historie som går omlag tusen år tilbake i tid, og om familien som bur der: The Pilgrims. Dei siste åra har det skjedd ein del mystiske hendingar i huset, ein ung mann er forsvunnen og ein annan av dei unge Pilgrimane opplever to gongar å bli utsett for noko som mistenkeleg liknar mordforsøk. Privatdetektiven, den korrekt viktorianske, tidlegare skulelærarinna, Miss Silver blir kopla inn, og the plot thickens. Her er det både mystiske dødsfall, mangfaldige mystiske (og plausible) mistenkte og ein god dose romantikk. Triveleg lesing og faktisk også litt spennande, om ein lèt seg rive med av slikt. Slutten blei dessverre noko langdryg og overtydeleg skildra, men likevel vil eg seie at boka er godkjent og gi ho eit terningkast 4.

Pilgrim's Rest var Patricia Wentworths tiande bok om Miss Silver og blei utgitt i 1948. Ho skreiv i tillegg ei lang rekke andre romanar i perioden 1910 til sin død i 1961. Bøkene hennar er utgitt på nytt med fine retro-omslag og kan m.a. bestillast frå engelske nettbutikkar.

6. mars 2010

Det blir berre damer

Kanskje er eg i 8. mars-stemning, kanskje er eg prega av 'til ære for 8. mars'-spalta eg har sysla med i det siste, kanskje er det tilfeldig, men uansett blir det berre damer som får vere med til Roma. Tre damer, faktisk. Virginia, Helle og Patricia.

Virginia får vere med fordi ho inspirerer meg, fordi ho er den beste forfattaren eg veit om og fordi eg altfor lenge har lengta etter å lese meir av henne, men i staden har late ein viss mann viss namn eg ikkje skal nemne i denne samanhengen, ta over all lesetid.

Helle får vere med fordi eg lenge har vore nyfiken på forfattarskapen hennar, og fordi eg har høyrt veldig mange gode ting om henne. Den siste boka hennar er passe tynn og ser lovande ut og får difor vere med i bagasjen.

Patricia får vere med for å underhalde meg viss eg blir lei eller sliten. Ho skriv lette (kanskje litt for ukompliserte?) krimromanar frå engelsk overklasse, med ein detektivhelt til forveksling lik Miss Marple, ved namn Miss Silver. Bøkene hennar kom ut i det som seinare er omtala som gullalderen i britisk krim, og eg gler meg til å sjå kva ho har å by på denne gongen.

Desse bøkene blir altså med:
Virginia Woolf: The Waves
Helle Helle: Ned til hundene
Patricia Wentworth: The Watersplash

Så får vi sjå kven eg les, kor mange og kor mykje. Alle passar iallfall fint i veska.
Sorry, boys!

25. oktober 2009

Mord, kjærleik og kinesiske sjal

Eg har tidlegare skrive om min kjærleik til gullalderkrim, altså særleg britiske, klassiske kriminalromanar frå 1920-talet og framover eit par-tre tiår. Nokre kjekke dagar den siste veka har eg kost meg med ei slik bok, nemleg The Chinese Shawl av Patricia Wentworth, som kom ut første gong i 1943.

Settingen er klassisk: Vi har den unge, kvinnelege hovudpersonen, nettopp fylt 21, foreldrelaus og med ei viss formue. Så har vi dei eldre, fjerne slektningane som vil kjøpe det store huset den unge kvinna eig, ein dose kjærleik og sjølvsagt - ein dose mord.

Handlinga er stort sett lagt til eit gammalt herskapshus på landet, der ein liten gjeng er samla, der intriger blomstrar og der alle er potensielt mistenkte i mordsaka som følgjer.

Denne boka var riktig underhaldande og spennande, og eg skjønte berre nesten kven mordaren var før det blei avslørt. Ikkje ei Agatha Christiesk sjokkoppleving då mordaren blei avslørt, men slett ikkje verst.
Tilrådast!

20. april 2009

Gaudy Night

Årets andre påskekrim blei påbyrja i påska, men av ulike omstende ikkje utlesen før ei veke etter.

Gaudy Night av Dorothy L. Sayers kom ut i 1935, og har ikkje den sedvanlege detektivhelten Lord Peter Wimsey i hovudrolla denne gongen. Her er det hans utkåra Harriet Vane som speler førstefiolin når hennar gamle kvinnecollege i Oxford blir heimsøkt av ein Poison Pen, ein anonym brevskrivar som spyr edder og galle utover universitetets kvinnelege tilsette og studentar, og etter kvart tek det eit hakk vidare med å byrje gjere hærverk på collegets eigedom.

Tittelen på boka viser til den tradisjonsrike årlege festen Gaudy Night som samlar alumni tilbake på gamle trakter, men ordet gaudy har også fleire tydingar, som ordlista her vil vise:

gaudy1 [gaw-dee]
–adjective, gaudier, gaudiest.

1. brilliantly or excessively showy: gaudy plumage.
2. cheaply showy in a tasteless way; flashy.
3. ostentatiously ornamented; garish.

Til trass for det tilsynelatande uskuldige plottet er boka forbausande spennande. Over det heile heng ein trykkande atmosfære av kva vil vere det neste? Når kjem mordet og kven blir det? Og i tillegg er dette ei både fin og nokså spennande kjærleikshistorie mellom Lord Peter og Harriet. Vil ho endeleg, etter fem år, takke ja til frieriet hans? Det høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men når det er skrive av Dorothy L. Sayers og sett til dette miljøet blir det faktisk det.

I tillegg gir boka eit unikt innblikk i akademia og ikkje minst synet på kvinnelege akademikarar på 1930-talet. Dette er tida for store motsetnader mellom karrierekvinner og familiekvinner. Det er også tida for strøymingar i Europa som seier at kvinner bør halde seg til sin lest, til barneoppseding og husvask, som til dømes i nazi-slagordet Kinder, Kirche, Küche.

Om eg har noko å utsetje på boka, er det at ho er litt lang, rundt 450 sider så vidt eg hugsar, og har litt for mange like namn. Alle dei tilsette ved colleget heiter miss ditt og miss datt og det går veldig fort i surr med kven som gjer kva og har kva slags karaktertrekk.

Likevel: ei god bok eg ikkje ville legge frå meg, og eigentleg heller ikkje ville skulle bli ferdig, sjølv om eg var nyfiken på slutten.

11. april 2009

Ladies' Bane

Påskas første krim vart påbyrja ei veke eller to før påske, og i stor grad utlesen medan eg sat 1,5 time på Gardermoen, inne i flyet, og venta på å lette, - etter at flyet hadde rygga halvvegs ut på rullebana, returnert til gaten og kapteinen hadde erklært at tekniske problem gjorde at vi ikkje kunne lette nett enno. Det var godt å ha ein krim, då. Og godt å ikkje ha noko særleg til flyskrekk, særleg då flyet humpa og hoppa seg ned gjennom skyene over Sunnmøre nokre timar seinare.

Denne første påskekrimen var skriven av den britiske forfattaren Patricia Wentworth. Samtidig med Agatha Christie og Dorothy L. Sayers, men ikkje like raffinert eller original. Ho skriv godt, for all del, eller skreiv, og det er hyggelege, tradisjonelle, klassisk-britiske krimsettingar i bøkene hennar, men du skjøner kven mordaren er. Og om det ikkje er den aller mest opplagte er det alltid den andre du gjetta på.

Ladies´ Bane er ein Miss Silver-krim. Miss Silver er Wentworths kvinnelege detektiv-heltinne. Ei eldre, pensjonert lærarinne, relativt streng og relativt skarp. Høyrte vi ein assosiasjon til Christies Miss Marple? Javisst, men Miss Silver kom først, utan at det gjer henne tilnærma så sjarmerande eller truverdig som motparten.

Ladies´ House er eit hus frå mellomalderen som det nygifte paret Allegra og Geoffrey flyttar til. Allegras søster Ione Muir mistar i stor grad kontakta med søstera etter bryllupet, og då ho kjem på besøk til huset skjøner ho at noko er galt.

Over huset kviler ei soge og eit tilnamn; Ladies´ Bane. Det blir sagt at alle husets fruer vil miste det dei aller mest har kjært.
Sjølvsagt skjer det eit mord eller to, og den knivskarpe amatørdetektiven Miss Silver kjem på banen.

Hyggeleg lesing, men ikkje særleg intellektuelt utfordrande. Ikkje at eg meiner påskekrim må vere det. Men eg liker å bli litt overraska.

No les eg Dorothy L. Sayers langt meir raffinerte krim Gaudy Night, sett til universitetsmiljøet ved eit kvinnecollege i Oxford. Langt meir interessant, også litt fordi eg alltid næra ein hemmeleg draum om å bli Oxford-student, utan at eg nokon gong har teke steg i den retning.

23. februar 2009

Klar for påske!

Skrift ryddar bokhylla, og sjølv om det heller er det eg òg burde gjere, hiv eg meg på og tek i mot gratis bøker tilsendt per post - porto sjølvsagt betalt av meg.

Eg har jo, som eg tidlegare har skrive ein del om, ein frykteleg mjuk stad for klassisk gullalderkrim. Vi snakkar Agatha Christie, vi snakkar André Bjerke, vi snakkar John Dickson Carr, og vi snakkar desse to damene: Dorothy L. Sayers og Patricia Wentworth.

Eg les ikkje så mykje krim, lenger. Eg hadde ein periode der alt av Agatha Christie var upløyd mark, og eg koste meg frykteleg med bøkene hennar frå tolvårsalderen av. Men uunngåeleg nok gjekk eg tom - plutseleg hadde eg lese (og stort sett kjøpt) alt ho hadde skrive. Så kva no? Eg les sjølvsagt oppigjen bøkene, når trongen kjem over meg. Men det er no kjekt med noko nytt, òg. Ei stund prøvde eg meg på samtidige krimforfattarar. Men eg blei aldri heilt riven med, det var og blei for lett, for enkelt, too crude, for å bruke eit høveleg engelsk uttrykk.

Men så kom redninga, i form av denne flotte kvinna: Kristine i Mitt liv med Lord Peter og Mr. Darcy. For dei uinnvigde kan eg avsløre at Lord Peter er adelsmann, boksamlar og amatørdetektiv, og altså helten i Dorothy L. Sayers sine bøker. Sayers var nok hakket meir intellektuell enn Agatha Christie, medan Christie på si side er uovertreft når det gjalt å pønske ut nærast uløyselege plott. Patricia Wentworth kom på si side med heltinna Miss Silver nokre år før Agatha Christie kom med si meir kjente Miss Marple. Eg har skrive litt om dette før. Wentworth er nok ikkje heilt på høgde med sine to, skarpe medforfattarinner, men bøkene er hyggelege og underhaldande, og miljøet er eitt eg liker veldig godt: engelsk overklasse og øvre mellomklasse frå 1920-talet og framover i nokre tiår.

Så eg har altså bedt pent, og har no fått den snille Ståle i Skrift til å sende meg desse bøkene i posten. Eg gler meg, og påskelektyren er mildt sagt i boks. Det spørst om det blir eg som må rydde hyllene min etter dette:

Dorothy L. Sayers:
The Document In the Case
Lord Peter Views the Body
Gaudy Night

Patricia Wentworth:
The Alington Inheritance
Grey Mask
Miss Silver Comes to Stay
The Chinese Shawl
Ladies' Bane
The Benevent Treasure
The Listening Eye
The Ivory Dagger
Pilgrim's Rest
The Watersplash
The Girls In the Cellar

22. juli 2008

Dagens fangst

Det eg liker aller best med små, amatørdrivne brukthandlar i relativt små byar, er for det første prisane (eg er då sunnmøring) og for det andre utvalet.

I dag fann eg tre bøker av den New Zealandske gullalder-krimdronninga Dame Ngaio Marsh, og ei bok av den britiske ditto, Dorothy L. Sayers, begge samtidige med Agatha Christie og forfattarar i same sjanger. Til saman måtte eg betale heile kroner tjue for dei fire bøkene.

Titlane er som følgjer:
Dorothy L. Sayers: In The Teeth Of The Evidence
Ngaio Marsh: Fødselsdagsmordet, Colour Scheme og Died In The Wool.

Eg har tidlegare forsøkt meg på Ngaio Marsh, utan hell - Died In The Wool fenga ganske enkelt ikkje. Men eg har bestemt meg for å gi henne ein sjanse til, og fem kroner boka kan eg jo ofre.

4. juli 2008

Krim = sjuk

Eg har feira sommaren og det fine vêret, med å vere sjuk og innesitjande/ -liggande i tre dagar. Det er sjølvsagt urkeisamt, og det er berre den første dagen tanken "no kan eg kose meg med day time tv" verkar forlokkande. Men ein god ting har iallfall kome ut av det, og det er at eg har fått lese eit par av dei 45 ulesne i hylla (og oppdaga minst 5 ulesne til, men det er ei anna sak). Og valet har falle på følgjande bøker:

Først las eg Den døde kjem tilbake, som er den einaste av Patricia Wentworths klassiske kriminalromanar som er omsett til norsk. Miss Silver på nynorsk var ikkje så verst. Plottet var ikkje så verst, heller, sjølv om det som vanleg i alle Wentworths bøker manglar det store klimakset i oppklaringa vi alle ventar på, og er så godt vane med frå bøkene til Agatha Christie og Dorothy L. Sayers. Deretter las eg Garmanns sommer skikkeleg nøye, og koste meg med alle dei små, fine detaljane i illustrasjonane til Stian Hole. Dette var sannsynlegvis etter at eg hadde lese teksten hans i Årboka Litteratur for barn og unge 2008, der det også stod om Marit Kaldhols Kino (begge desse bøkene vart prislønte i 2006), - som er noveller for unge som alle byrjar med same setninga: "Handa held den store saksa", men utviklar seg i alle slags retningar etter det -, for eg las også Kino like etter.

Så byrja eg på neste krimroman, og denne gongen var det P.D. James og hennar førstebetent Adam Dalgliesh som - eg heldt på å seie - fekk unngjelde. Novel. Eg har lese ut 2/3 av boka, og er ikkje like skuffa over P.D., som eg er over dei fleste andre nyare krimforfattarar. P.D. er trass alt kjent for å ha behaldt noko av elementa frå den klassiske, britiske krimen, og derfor er det ikkje like keisamt å lese om Dalgliesh, som om dei fleste andre fordrukne, skilte, operaelskande, mannlege detektivane der ute. Dalgliesh er, til forandring, lyrikar og verkar ikkje særskilt fordrukken, iallfall ikkje i denne boka, Det svarte tårnet.

Men no er eg frisk, så når eg har lese ut denne siste krimboka, er det tilbake til kvardagen og den seriøse litteraturen... (her hadde det passa med eit geipesmileteikn)

20. mai 2008

Tja

Eg las ut The Gazebo på bussen til jobb i dag tidleg.
Boka byrja veldig bra. Eg likte settinga, karakterane, plottet slik det avteikna seg i byrjinga.
Dessverre flata boka ut, og oppklaringa var keisam og føreseieleg.

Patricia Wentworth er og blir ein lettare og mindre original gullalderforfattar enn sine samtidige, Agatha Christie (min favoritt) og Dorothy L. Sayers (Kristines favoritt).
Likevel var det god lesing. Eg trengte Wentworth, no. Lett lesing, noko ein kan stupe inn i, noko ein ikkje treng å bruke hjernen nemneverdig for å få tak i. Noko fengande.

9. mai 2008

Mord i Madrid

Eg er så heldig at eg skal til Madrid på jentetur i pinsehelga, og på reise er det sjølvsagt veldig viktig å velje den rette lektyren.

Til bursdagen min i fjor var eg så heldig å få ei lekker nyutgitt retroutgåve av The Fingerprint av Patricia Wentworth (1878-1961), som skreiv kriminalromanar av det litt lettare slaget i den britiske gullalderen frå 1920-talet og utover. Kristine valde ut to bøker av Wentworth basert på reint estetiske kriterier, tok den eine sjølv - The Gazebo - og gav altså den andre til meg.

No har vi bytta bøker, og eg har så vidt byrja å lese i The Gazebo. Som i dei andre Wentworth-bøkene er det også her den skarpe, eldre dama Miss Silver som er detektiven - ein detektiv til forveksling lik Agatha Christies Miss Marple, og det må her presiserast at Patricia Wentworth var først ute med sin figur.

Noko interessant eg fann medan eg googla Patricia Wentworth, var at Samlaget faktisk har omsett ei av bøkene hennar til nynorsk. Den døde kjem tilbake, heiter ho. Den må eg sjå å få tak i.

19. mars 2008

Påskelektyre

Denne påska les eg to bøker.
Den eine er ein tradisjonell britisk krim, Have His Carcase av Dorothy L. Sayers, som fengar veldig. Den andre er neste månads lesesirkelbok, Skråninga av Carl Frode Tiller.

Eg har ikkje kome så langt i sistnemnte, men lesinga har gått veldig greitt så langt. Med unntak av ein ting, og denne tingen er ein eg også har merka meg ved andre bøker i same sjanger, om ein kan seie det slik:

Den nynorske rettskrivinga er heilt på jordet, og boka er frykteleg dårleg korrekturlesen. Eitt av dei verste døma er at forfattaren skriv "byrjar" på ei side, og "begynner" på den neste. Slikt må ein vere konsekvent på.

Dette er diverre eit problem blant mykje av den nynorske litteraturen utgitt på bokmålsforlag. Verbbøyingane er heilt på styr, språket er inkonsekvent, og mykje er direkte feil. Det svir i auga å lese det. Men eg forsøker å oversjå det, og fokusere på historia, sjølv om eg veit om minst eitt menneske som ikkje orka lese meir enn eit par sider nettopp på grunn av det språklege.

22. januar 2008

Oppdatering

Ei kornete Allingham
Eg er framleis sjukmeldt, men har til mi store overrasking fått lese veldig lite i forhold til kva eg hadde venta.

Eg las nyleg ut Dorothy L. Sayers samling kriminalnoveller, Hangmans´s Holiday, som var svært passande lektyre. Dei aller fleste var ganske gode, nokre riktig overraskande. I tillegg har eg nesten lese ut debutboka til Sigrid Merethe Hanssen, Sprang, som også er noveller. Desse er svært velskrivne, og gode å lese. Kanskje ikkje like overraskande, alltid, men ein fin debut.

I går byrja eg å lese Traitor´s Purse av Margery Allingham, ei anna av gullalderkrim-dronningane. Boka byrjar bra, men eg har ikkje kome så langt enno. Det er også tid for ny lesesirkelbok, og denne gongen er det The Grass is Singing av Nobelprisvinnaren Doris Lessing som står for tur.

Eg har elles erverva meg nokre nye bøker. På biblioteket førre veke fann eg bøker på sal til 5 kr/ stk, blant desse var Langt frå bambus av Arnfinn Kolerud, og Arngeir Berg og Espen Haavardsholms Skrive og kjempe, som er ei oversikt over samtidslyrikken i form av intervju med skandinaviske samtidspoetar frå 1977. Frå nettbokhandelen har eg fått den første Nursery Crime-boka av Jasper Fforde, The Big Over Easy, som eg gler meg til å lese.

13. november 2007

Tid for jul. Snart.

Eg er ein julegris.
Dette har eg nok nemnt før, og eg seier det gjerne igjen:
Eg. Ein julegris.
Jepp.

Dette betyr slettes ikkje at eg støttar for tidleg julefeiring, som marsipangriseting eller julebrusdrikking i oktober. Eller julematmiddagar og julepynt i huset før advent. Men det betyr at eg byrjar å tenke på jula litt før mange andre.

Og det er denne deilige draumen om jul eg no har byrja å lulle meg inn i, slik eg har gjort kvart år heilt sidan eg skjønte kva jul innebar, og sikkert vil gjere kvart år som ligg framfor meg også. Det aller koselegaste med juledraumen er at eg byrjar å planlegge kva eg skal lese i juleferien. Eg byrjar også så smått med julegåveinnkjøp og å lure på kva slags julekalender som skal gå på tv i år.

Nytt av året er at eg i tillegg lyttar til Nils Nordberg lese jula inn. Eller En kriminelt god jul, om du vil, med femten svarte julefortellingar. Det er herleg. Men eg har enno ikkje klart å bestemme meg for juleferielektyren. Det varierar litt på dagsformen. Eg har i dag bestilt fantasyboka Skammarens dotter på biblioteket. Harry Potters tid er jo diverre omme, og eg treng noko av same kaliber til å fylle meg med glede og leselyst. Så eg skal gi denne Lene Kaaberbøl ein sjans. Som pluss kjem jo at bøkene i tillegg er omsette til nynorsk. Så kanskje blir det ei bok i denne serien til jul, eller kanskje noko heilt anna.

Eg har lurt litt på å ta med Det er Ales, som motvekt til alt det julelette. Eg har også vurdert å lese oppigjen dei tre siste bøkene om Anne fra Bjørkely, som står i bokhylla heime. Det skal ikkje stå på lesestoff.
Trikset er berre å plukke ut det rette, slik at det blir ei riktig god jul.

29. august 2007

Elementary, my dear Watson!

Ja, nettopp: Sherlock Holmes.
Denne segnomspunne mesterdetektiven. Han som fuskar i alle fag, kan det meste og løyser dei mest intrikate brotsverk før du rekk å seie "kriminaletterforskar".

Og no les eg altså om han. Sherlock og my dear Watson. Eg byrja i går kveld, etter at eg hadde lese ut Strong Poison utan å bli metta på eldre, britisk krim. Boka eg plukka fram frå hylla er første bind i serien med samla verk om Sherlock Holmes, ho er ei brun pocketbok, og eg kjøpte henne i Portland, Oregon, då eg var der på ein diger bokhandel (som også hadde noko norsk litteratur på norsk - trur det var Ibsen og Bjørnson), for fire år sidan.

Det er den første boka om dette radarparet, tittelen er A Study in Scarlet, ho kom ut første gong i 1887 og forfattaren er sjølvsagt Sir Arthur Conan Doyle. Så langt er det svært underhaldande, og det til trass for at ingen brotsverk har materialisert seg enno. Eg forstår godt kvifor desse bøkene blei populære!

Eg kan forresten avsløre at tittelen på denne bloggposten ikkje stammar frå eit ekte Sherlock Holmes-sitat frå nokon av bøkene eller novellene, men er ein konstruksjon som er skapt i ettertid.

21. juli 2007

Dødsklokkene

Originaltittelen
Det er solardag på øya.
Varmedis som dirrar frå det tørre høyet som ligg på dei nyslåtte markane, glitring i blå fjord, ein frisk vind frå nord og varmt og godt på solsenga i hagen.

Eg kosar meg med ei ny bok, som eg lånte her ein dag då eg var i byen. Eg byrja på neste bok ut i lesesirkelen, Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen, men ho kunne diverre ikkje tilføre akkurat det eg kjende at eg trengte no i ferien. Difor vart eg veldig lykkeleg då eg oppdaga eit gammalt, men ikkje utdatert lånekort på det lokale biblioteket, og fekk lånt ein ny kriminalroman av Dorothy L. Sayers, nemleg Dødsklokkene, som skal vere ei av dei aller beste Lord Peter Wimsey-bøkene, og som relativt nyleg (2005 - boka kom ut første gong i 1934) er omsett til norsk.

Det er eit fiffig plott og eg blir stadig meir glad i amatørdetektiven Lord Peter, sjølv om eg saknar litt av den glamouren ein ofte finn i Agatha Christie-bøkene, med tilårskomne, gretne generalar i digre villaer som har gifta seg oppatt med ei ung, platinablond og svært sexy skodespelarinne med tvilsam bakgrunn. Kjolar, smykker og antikvitetar. Kva meir kan ei jente ønske seg?

Men no er det nok innedilling! Tilbake til boka og solsenga!

9. juli 2007

Miss Marple

Geraldine McEwan
I går såg eg Miss Marple på NRK1.

No er jo eg naturleg nok svært kresen på Miss Marple-filmatiseringar, og hadde på førehand avskrive Geraldine McEwan som ei passande Miss Marple (der finst nemleg kun ei Miss Marple for meg, utanfor mitt eige hovud, og ho er gestalta av Joan Hickson).

Men kanskje var det nettopp denne på førehand dårlege innstillinga til filmen, som gjorde at han ikkje var så verst likevel, og at eg faktisk klarte å sjå heile filmen (om enn siste halvdel kun med eit halvt auge).

Joan Hickson
For sjølv om Geraldine McEwan for meg slettes ikkje er søte, men knivskarpe Miss Marple, men derimot heksa i Robin Hood: Prince of Thieves, er det ikkje til å unnslå at ho er ein god skodespelar.

Og sjølv om sukkersøte interiørdetaljar som blomstra tapet, blomstra øyrelappstol, pastellfarga hageblomar og hjarteforma forstørringsglas (Miss Marple ville aldri hatt eit hjarteforma forstørringsglas!) var filmen fargerik, og fin for auget, om enn noko polert, modernisert, hollywoodisert.

Så eg såg på han.
Men måle seg med Joan Hickson-filmane, kunne han sjølvsagt ikkje.

22. juni 2007

Fin sommarlektyre

Don´t Panic!
No som sommaren og ikkje minst sommarferien står for dør, er det vel naturleg for oss bokormar å tenke litt på kva som er passande ferielektyre. Her er mine tips:

Harry Potter-bøkene av J. K. Rowling (ny bok i sommar!)
Thursday Next-bøkene til Jasper Fforde (byrjar med The Eyre Affair)
Den mørke materien av Phillip Pullman (byrjar med Det gylne kompasset)
Jonathan Argyll Mysteries av Iain Pears (byrjar med The Raphael Affair)
Kurt Aust sine bøker om Thomas av Boueberge og Petter Hortten (byrjar med Vredens dag)
Gutten i graven ved siden av av Katarina Mazetti
Tirsdager med Morrie av Mitch Albom
Hitchhikers Guide to the Galaxy av Douglas Adams (veldig morosame bøker)
De beste blant oss av Helene Uri
Gullalderkrim av Dorothy L. Sayers eller Agatha Christie
Breakfast at Tiffany´s av Truman Capote
Matilda eller Heksene av Roald Dahl

Fleire forslag?