9. juli 2007

Miss Marple

Geraldine McEwan
I går såg eg Miss Marple på NRK1.

No er jo eg naturleg nok svært kresen på Miss Marple-filmatiseringar, og hadde på førehand avskrive Geraldine McEwan som ei passande Miss Marple (der finst nemleg kun ei Miss Marple for meg, utanfor mitt eige hovud, og ho er gestalta av Joan Hickson).

Men kanskje var det nettopp denne på førehand dårlege innstillinga til filmen, som gjorde at han ikkje var så verst likevel, og at eg faktisk klarte å sjå heile filmen (om enn siste halvdel kun med eit halvt auge).

Joan Hickson
For sjølv om Geraldine McEwan for meg slettes ikkje er søte, men knivskarpe Miss Marple, men derimot heksa i Robin Hood: Prince of Thieves, er det ikkje til å unnslå at ho er ein god skodespelar.

Og sjølv om sukkersøte interiørdetaljar som blomstra tapet, blomstra øyrelappstol, pastellfarga hageblomar og hjarteforma forstørringsglas (Miss Marple ville aldri hatt eit hjarteforma forstørringsglas!) var filmen fargerik, og fin for auget, om enn noko polert, modernisert, hollywoodisert.

Så eg såg på han.
Men måle seg med Joan Hickson-filmane, kunne han sjølvsagt ikkje.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg kom tilfeldigvis over denne filmen jeg den kvelden. Midt i kanal-switchingen... Jeg kunne ikke se den, det er et eller annet som er litt creepy med denne damen. I tillegg synes jeg hele settingen med blomstrete tapet, pastellforma hageblomster og en litt FOR smart gammel dame er ubehagelig og skummelt. Jeg kan ikke være "hjemme alene" etter sånne filmer.

Aina sa...

Eg såg faktisk filmen som var no på søndag også, og vart overraska over dei tinga dei har late Miss Marple føreta seg - heilt utanom hennar natur frå bøkene. Sjølv er eg jo ihuga Miss Marple-fan; ei søt (og då meinar eg SØT!), gammal dame, tilsynelatande ufarleg der ho sit i godstolen og strikkar lyserosa babytepper, men med ei hjerne som klarer å forstå dei mest intrikate samanhangar. Agatha Christies slag for kvinnesaka, kanskje?

Men Geraldine McEwan er jo berre skummel, med den knirkete stemma og dei store katteauga.

Anonym sa...

Ja, er helt enig med deg der! Hvordan går det i "gamlelandet" foressten?

Aina sa...

Berre bra :) Godt med ferie og frisk luft. Har gått fjøretur i dag, veldig koseleg.

Anonym sa...

Høres bra ut! Jeg hadde visst en skriveleif i første kommentaren: pastellforma. Hehe :) el 9

Aina sa...

Pastellforma, ja. Reagerte litt på den ;) (el 9)

Alt bra i bumble bee bay, då? Skjønte ikkje at det var du før den niaren kom. "Anonym" seier liksom ikkje naudsynleg at det er du, men eg skjønte då iallfall at det var ei av venninnene ;)

Andreas sa...

Huff og æsj og andre interjeksjoner! Dette høres ikke bra ut. Det er forsåvidt riktig at Joan Hickson manglet det lille ekstra ved Miss Marple som ga henne det litt mer koselige og søte, men egentlig var dette helt overflødig. Jeg har ikke sett McEwan, og neimen om jeg orker det etter denne omtalen. Det frister mer med et pledd, en stor kopp te og noe med Hickson og Horovitch. Jeg forbeholder meg retten til å beholde henne, Suchet og Jeremy Brett, så kan andre finne sine favoritter.

Andreas sa...

Huff og æsj og andre interjeksjoner! Dette høres ikke bra ut. Det er forsåvidt riktig at Joan Hickson manglet det lille ekstra ved Miss Marple som ga henne det litt mer koselige og søte, men egentlig var dette helt overflødig. Jeg har ikke sett McEwan, og neimen om jeg orker det etter denne omtalen. Det frister mer med et pledd, en stor kopp te og noe med Hickson og Horovitch. Jeg forbeholder meg retten til å beholde henne, Suchet og Jeremy Brett, så kan andre finne sine favoritter.