I
Toget i hjarta er langt
som vinden, langt
som eit svart tre. Mor mi har
vind i oransje plastbytter. Ho vaskar
golvet med erfarne rørsler. Far min
har hovudet under armen og plystrar
etter stjernene
med augene. Eg vil heim der
angsten er mold i føtene, der
radioen osar forsonande av brun saus
til orgelmusikk
kvar søndags formiddag, der
fjorden pustar gjennom dei modne pærene.
II
Stadig fjernare, bort. Fjernare
og stadig nærmare.
Jon Fosse. Engel med vatn i augene (1986)
8. juli 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar