23. februar 2009

Klar for påske!

Skrift ryddar bokhylla, og sjølv om det heller er det eg òg burde gjere, hiv eg meg på og tek i mot gratis bøker tilsendt per post - porto sjølvsagt betalt av meg.

Eg har jo, som eg tidlegare har skrive ein del om, ein frykteleg mjuk stad for klassisk gullalderkrim. Vi snakkar Agatha Christie, vi snakkar André Bjerke, vi snakkar John Dickson Carr, og vi snakkar desse to damene: Dorothy L. Sayers og Patricia Wentworth.

Eg les ikkje så mykje krim, lenger. Eg hadde ein periode der alt av Agatha Christie var upløyd mark, og eg koste meg frykteleg med bøkene hennar frå tolvårsalderen av. Men uunngåeleg nok gjekk eg tom - plutseleg hadde eg lese (og stort sett kjøpt) alt ho hadde skrive. Så kva no? Eg les sjølvsagt oppigjen bøkene, når trongen kjem over meg. Men det er no kjekt med noko nytt, òg. Ei stund prøvde eg meg på samtidige krimforfattarar. Men eg blei aldri heilt riven med, det var og blei for lett, for enkelt, too crude, for å bruke eit høveleg engelsk uttrykk.

Men så kom redninga, i form av denne flotte kvinna: Kristine i Mitt liv med Lord Peter og Mr. Darcy. For dei uinnvigde kan eg avsløre at Lord Peter er adelsmann, boksamlar og amatørdetektiv, og altså helten i Dorothy L. Sayers sine bøker. Sayers var nok hakket meir intellektuell enn Agatha Christie, medan Christie på si side er uovertreft når det gjalt å pønske ut nærast uløyselege plott. Patricia Wentworth kom på si side med heltinna Miss Silver nokre år før Agatha Christie kom med si meir kjente Miss Marple. Eg har skrive litt om dette før. Wentworth er nok ikkje heilt på høgde med sine to, skarpe medforfattarinner, men bøkene er hyggelege og underhaldande, og miljøet er eitt eg liker veldig godt: engelsk overklasse og øvre mellomklasse frå 1920-talet og framover i nokre tiår.

Så eg har altså bedt pent, og har no fått den snille Ståle i Skrift til å sende meg desse bøkene i posten. Eg gler meg, og påskelektyren er mildt sagt i boks. Det spørst om det blir eg som må rydde hyllene min etter dette:

Dorothy L. Sayers:
The Document In the Case
Lord Peter Views the Body
Gaudy Night

Patricia Wentworth:
The Alington Inheritance
Grey Mask
Miss Silver Comes to Stay
The Chinese Shawl
Ladies' Bane
The Benevent Treasure
The Listening Eye
The Ivory Dagger
Pilgrim's Rest
The Watersplash
The Girls In the Cellar

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg elsker også gullalderkrim! Støvsugde øyne, tortur og oppkuttede lik har jeg derimot ingen interesse av. Moderne krim handler mer om å gjøre det mest mulig makabert. I hvert fall det lille utvalget jeg har forsøkt meg på. Et elegant plot som jeg ikke klarer å løse selv derimot, kan jeg like. Om det er realistisk eller ikke, er ikke så farlig.

Aina sa...

Å, eg er så einig!

Det einaste eg liker av moderne samtidskrim er skikkeleg skumle seriemordar-bøker. Slike der ein eller annan skrulling som er kjempesmart, drep (helst bortfører og sperrar inne) éin spesiell type offer, t.d. unge jenter med vakkert raudt hår. Det grøssar eg godt av.

Men bortsett frå det er det eg liker med gullalderkrimen like mykje miljøskildringane som sjølve mordhistoria.

Lille søster sa...

Ja, miljøskildringene gjør susen.
Jeg liker forresten titlene på bøkene til Patricia Wentworth. Har ikke lest noe av henne før.

Aina sa...

Det er truleg at du vil like Wentworth, men ha in mente at ho er hakket lettare enn dei andre, og at plotta ikkje er like kunstferdig uttenkte. Likevel: fine bøker.

Lille søster sa...

Vi har henne ikke på biblioteket vårt. Heller ikke Sayers faktisk. Dårlig.

Aina sa...

Nei, eg veit. Det er vanskeleg å få tak i. Det var difor eg slo til når Skrift ville gi frå seg bøker! Eg tok alle Wentworth, men han har nokre Sayers igjen, trur eg. Du kan jo stikke inn til han og sjå?

Elles er dei ofte å finne på diverse antikvariat, i pockethyllene. Og du kan kanskje forsøke samsøk og bestille frå eit anna bibliotek? Når det er sagt er det betre utval på Nasjonalbiblioteket og Universitetsbiblioteket her i Oslo. Men det er kanskje ikkje like enkelt for deg å berre stikke innom der...?

Ståle sa...

SNart nå. Veldig snart, kommer en pakkelapp til en postkasse nør deg. Og da er det snart påske :-)
Selv har jeg lagt til sides den (hittil) siste boka til Stieg Larsson til påska. Gleder meg til den...

Aina sa...

Hoho! Det blir kjekt, Ståle! Blir det så tungt å bere at eg må ha med pakkesel, tru?

Det er noko kriminalistisk (som far min ville sagt som eit utslag av den notoriske humoren sin) over påskeferien. Det er jo igrunnen eit merkeleg fenomen. Kva har krim med påske å gjere eigentleg? Eg reknar med påskekrim er eit reint norsk ord og fenomen? Har det rett og slett med keisame hytteturar på fjellet utan tv å gjere? Innesperra med familien, desperat etter noko lett å lese etter ein lang dag i løypene?