22. februar 2009

Gatekampar

Oslo sentrum, Møllergata, kl. 03.30 natt til søndag:
Kram snø. Takdrypp. Gate-elv.

Snøballar suser frå eine sida av gata til andre. Kalde hender kastar og kastar.
Dei på andre sida tek dekning bak ein snøhaug, så bombarderer dei oss med raske, knallharde ballar. Vi kastar tilbake. Ei nett, lita jente i blå kåpe hoppar på tå for å få tak i snøen oppe på kyrkjegardsmuren.
Eg krafsar til meg noko frå fortauskanten. Snøen bli ball berre du tek så vidt i han.
Kastar. Og kastar. Tek dekning bak eit større menneske som måtte vere der.

Drosjer sig opp gata. Dei blir bombarderte. Ein av sjåførane stig ut, streng i blikket. Så ser han kor vi flirer. At det er gatekamp på gang. Dei køyrer vidare.

Det løyser seg opp, vi byrjar gå nedover gata. Men det er ikkje over. Kampen fortset litt lenger nede, ved parken. Eg og ein til tek dekning bak ein parkert bil. Det uler i bilalarmar. Snøballar suser. Gata er oversymt, ei lysebrun flod med flytande isklumpar. Eg mistar selskapet mitt. Ser dei ikkje att. Eg prøver kome meg nedover gata, eg går langs husveggane, drypande istappmonster over hovudet, balanserer på ein vindaugsgesims. Men det går ikkje, det er for vått, for lite å halde tak i. Snøballkrigen fortset.
Eg går tilbake.

Ingen kommentarer: