20. februar 2009

Bøker - ei oppdatering

Som de vil sjå av høgresidas leserubrikkar, les eg for tida Glassklokken av Sylvia Plath og Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie av Silje E. Fretheim. Begge er bøker eg liker godt.

Eg les også her og der i nokre diktsamlingar, då eg prøver å orientere meg i den jungelen av lyrikk eg berre så vidt aner konturane av (for å overdrive lett). Favorittane så langt er Geir Gulliksen, Øyvind Rimbereid og Lars R. Engebretsen.

Av Gulliksen har eg lånt ei bok som inneheld alle diktsamlingane hans i perioden 1995-2005. Av desse byrja eg bakarst, med byrjinga, og las fort ut Monografi, som eg likte veldig godt.

Lars R. Engebretsen er litt vanskelegare tilgjengeleg, særleg på grunn av oppsettet. Difor går lesinga saktare, eg må jobbe litt meir med dikta før eg kjem inn i dei og eg les i små porsjonar. Likevel liker eg dikta veldig godt. Han har fine observasjonar og skildringar, det er ikkje vanskeleg å forstå eller oppleve det han skriv. Sitatvenleg er det dessverre ikkje, på grunn av det spesielle oppsettet, men det kan hende eg gjer det likevel, så får vi håpe at forfattaren kan tilgi meg for at blogspot radbrekker slikt som oppsett.

Av Øyvind Rimbereid les eg Solaris korrigert, og er einig med Lille søster: ein blir litt høg av språket.

Eg står elles på venteliste på nokre nyare utgjevingar på biblioteket. Av desse kan eg jo nemne at eg står på 146. plass for Gunnhild Øyehaugs Vente, blinke. Skal tru når den boka kjem meg i hende. Kanskje ikkje før ho er komen i mjukinnbinding, og eg like godt kjøper henne?

Eg har også ein del bøker på leselista som er skrivne av forfattarar eg er blitt kjent med dette siste halvåret. Nokre har eg fått, andre har eg tenkt å skaffe meg. Det er veldig mykje bra der ute som blir lite trekt fram. Og det vil eg gjere noko med! Så viss eg liker det eg les, kjem eg til å legge ut eit utdrag eller kanskje ein omtale. Så kan kanskje andre også, jf. diskusjonen i innlegget Brøkdelen, bli merksame på nokre nye, gode titlar.

Og så var det mammutsalet. Eg har sjølvsagt også førehandsbestilt på mammut, eg klarer jo aldri å la det vere. I år blei det

Hanne Ørstavik: Kjærlighet
Margit Walsø: Kjære Voltaire - som eg lenge har gledd meg til å lese
Jens Bjørneboe: Brev i utvalg

I tillegg vurderer eg å kjøpe ei eller fleire reiseskildringar om Noreg frå 1700- og 1800-talet. Uvurderleg kjeldemateriale i samband med historisk romanskriving.

11 kommentarer:

heklehatt sa...

jeg er imponert over hvor mye du får lest, aina! og litt misunnelig... det er kanskje et spørsmål om prioritering? Jeg tar med meg anbefalingene og håper på bedre tid. (alternativt: skaffer meg bedre tid). God lesing.

Aina sa...

Tja, eg les eigentleg ikkje så mykje. Men eg les ein del tynne bøker. Det hjelper jo! Og så les eg minst ein halvtime på senga kvar kveld. Det hjelper òg.

Dipsolitteraten sa...

Jeg tror du leser veldig mye norsk, Aina. Og samtidslitteratur.
Det er jo helt naturlig, siden du er fersk debutant, at du vil vite hva som rører seg blant de samtidige.
Jeg lar de norske vente til jeg nesten ikke kommer utenom. For jeg lever bare en gang; norsk er et lite språkområde, og det er fortsatt internasjonale klassikere jeg ikke har lest.

PS. Har det roet seg ned rundt boka di nå?

Aina sa...

Ja, no for tida les eg mykje norsk samtidslitteratur. Og det har noko med å ville setje seg inn i kva som rører seg. I tillegg har eg alltid tidlegare lese utanlandsk litteratur i svært stor grad, og driv også no med ei blanding. Sylvia Plath er jo ikkje norsk.

Ja, det har roa seg ned rundt boka på ein behageleg måte. Framleis kan det dukke opp gromtalar her og der, koselege epostar, osb, men det har roa seg på den måten at eg får fred til å tenke nye prosjekt.

Dipsolitteraten sa...

Bøker blir fort glemt: Opp som en bjønn og ned som en skinnfell!

Så jeg skriver en anmeldelse av boka di en dag den er halvglemt.

Jeg har, tross alt, en meget større sans for de som er halvglemte forfattere, enn de det snakkes HØYT om ustanselig i 14 dager!

Aina sa...

Hehe. Flott idé. Trekk meg fram frå gløymsla ein vakker dag, som troll frå øskje! :)

Janke sa...

Jeg er spent på hva du syntes om Kjære Voltaire! Og om Vente, blinke :-)

Bra at det roer seg med boken din -gleder meg sånn til å lese den - men må "sile" ut noe av all den informasjonen jeg har fått på forkant. Så da kommer det et blogginnlegg fra meg også snart.

Janke sa...

reiselitt:
"Tre i Norge ved to av dem". Den er ubetalelig. Hvis du ikke har lest den må du få tak i den. En liten perle!!

Aina sa...

Kjekt å høyre!
Elles takk for tips!

Fivelstad sa...

Hei.

Eg snokar stadig innom denne bloggen for å lese litt. Ved eit høve oppdaga eg at du hadde diverse ankepunkt mot "The Book of Illusions" av Paul Auster. Men eg har gløymt kva det var du ikkje likte med boka, kunne du repetert det i kortform?

Det har seg nemleg slik at eg nett har byrja å lese denne boka, og at eg gjerne kunne tenkt meg di omtale i bakhovudet.

mvh.
HJ Fivelstad

Aina sa...

Veit du, eg las aldri meir enn dei første tjue-tretti sidene. Eg syntest ikkje utgangspunktet for historia var fengande. Så eg er nok ikkje den rette å spørje, dessverre. Du får heller kome tilbake med din eigen reaksjon når du har lese!