19. februar 2009

Brøkdelen

På eit år blir det påmeldt fleire hundre titlar med skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne til innkjøpsordninga i Noreg. La oss seie 300-400 titlar. Per år. Alle desse blir naturleg nok ikkje innkjøpte, og alle utgitte bøker blir heller ikkje påmeldte. Små forlag, til dømes, melder ofte ikkje inn sine utgjevingar. Likevel er det få av desse titlane som når ut til oss lesarar, til dei store massene, endåtil til dei av oss som er særleg interesserte i litteratur og liker å halde oss oppdatert på det som kjem.

Det er nokre få titlar som får plass i offentlegheita. Det er dei forlaga satsar på, marknadsføringsmessig. Det er dei som blir nominert til prisar, gjerne fleire prisar. Det er ikkje minst dei som får prisar. Det er dei som blir trekt fram, igjen frå forlaga, fordi dei har eit bestselgjar-potensial, og som blir hovudbøker i bokklubbane. Og kanskje nokre som er gode og gjer seg fortente til mange gode meldingar heilt, eller nesten heilt, på eiga hand.

Og kor mange titlar er det, tru? Kor mange titlar er det du hugsar frå fjoråret? Det er ikkje 300-400, det er iallfall sikkert. Kanskje er det maks ti-tjue. Men betyr det at dei gjenståande la oss seie 380 titlane er dårlege?

5 kommentarer:

Unknown sa...

Det er noen dårlige også innimellom. Men helt sikkert noe bra blant de 380. Det er nettopp det som gjør det spennende å gå på oppdagelsesferd på egenhånd! Ikke dilte etter saueflokken.

Jørn Roeim sa...

Nei, det betyr det ikke. Og det betyr heller ikke at de titlene man ser til stadighet, er gode.

Lille søster sa...

Men heldigvis merker vi oss forskjellige bøker, vi som ikke bare leser de aller mest profilerte. Slik at det fordeler seg litt likevel.
Uansett: Det er veldig urettferdig at mange gode bøker ikke blir lest, mens mange middelmådige får masse oppmerksomhet.
Men her kan jo vi bloggere være med på å forandre, ved å trekke fram bøker som mediene overser enten delvis eller totalt.

heklehatt leser sa...

enig - det er spennende å se hva som røres seg i bloggverden. Synes ofte det dukker opp bøker jeg kanksje hadde hørt om, men glemt. Fremfor alt er jeg imponert over hvor mye folk faktisk leser!

Anonym sa...

Slutter meg til det Tehme Melck sa.