23. februar 2009

Fjottete nynorskord

Eg er veldig glad i nynorsk. Faktisk hjartar eg nynorsk. Men i påvente av ny rettskrivingsnorm er det ein del ugler både her og der, særleg når det gjeld kva slags vanleg brukte ord som er blitt tillatne og kva for nokre som framleis er forbodne.

Her er mi liste over fjottete nynorskord som skulle fått seg ein istapp i hovudet:

- måndag
- tysdag
- forteljing
- symje
- (å suge) syg
- har teke (men eg liker å skrive tek, så eg må berre finne meg i det)
- låg (ikkje lav)

På den andre sida er det mange ord som andre sikkert synest er fjottete og arkaiske, men som eg elskar å skrive:

- svevn
- einsemd
- kvervel

... nei, eg sluttar her. Det er så mange fine ord.
Vi får halde oss til dei fjottete, den lista er kortare.

18 kommentarer:

Monica sa...

Jeg elsker å lese nynorsk. Og boka di minnet meg om hvor poetisk det er, på sitt aller, aller beste. Helt sant. Da jeg gikk ut av gymnaset, fikk jeg faktisk bedre karakter i nynorsk enn i bokmål. Det samme ville nok ikke skjedd i dag. Med mindre man fikk en lese-eksamen ;)

Og en annen ting: jeg sitter her og skriver på spreng for å blir ferdig til påske, da er det så deilig å bli avbrutt (oppsøkende og frivillig sådan) av stadig nytt lesestoff på flimrebloggen! Thænks!

Aina sa...

Ntååå! Takk!
Nynorsk har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt. Eg skriv bokmål på jobb fordi eg må, men det blir krøkkete, konservativt og gammalmodig. Ikkje slik som når eg får skrive på nynorsk, og har eit eige språk.

Du må ha lykke til med innspurten! Dette er spennande saker! Hurra for deg! (Heia, heia, heia, heia!)

rullerusk sa...

Jeg vil gjerne slå et slag for "forteljing" og "symje". Kanskje fordi jeg synes de høres fine og erkenynorske ut.

"Svevn" liker jeg veldig godt. "Kvervel" er også tøft, selv om jeg aldri husker hva det betyr...

Aina sa...

Ja, det er jo igrunnen fine ord. -j-ord er jo ofte det (liggje, tenkje), men det kjennest ikkje naturleg for meg å bruke det.

Kvervel - å kvervle, kvervlar =
virvel.

heklehatt sa...

svevn er nydeleg: eg hjartar svevn!

Aina sa...

hehe. eg hjartar også svevn. å sveve. jepp.

bandanders sa...

Er det borte hjå meg du har funne alle desse orda?

Men det verste er vel at eg ikkje berre skriv dei, eg seier dei og. Ja, kanskje ikkje "måndag", då.

Bai sa...

Kvar gong eg skriv ein ny tekst, må eg ta stilling til om eg skal bruke "har teke" og "måndag", eller om eg i ein stille protest mot det gammalmodige språket skal skrive "har tatt" og "mandag". Uansett så skriv eg "Norge".

Eva sa...

Og eg som er glad i både tysdag, forteljing og låg. Dei er alle i dialekten min, og kling so fint atte.. Og så skriv eg Norge, men gret stilt når nokon skriv noen.

Aina sa...

bandanders:
Nei, dette er døme frå min daglege streven etter å finne balansen mellom god rettskriving og ein nynorsk som kjennest naturleg.

Bai:
Eg har skrive både Norge og Noreg, no skriv eg visst Noreg. Men eg har meir trøbbel med "måndag" enn "har teke", sjølv om det berre er ein knapp generasjon sidan dei sa "måndag" på dialekta mi. Denne rivande utviklinga, altså.

Eva:
Misforstå meg rett (og det gjeld dykk andre, òg!): eg har ingenting imot desse orda sånn i utgangspunktet. Eg liker berre ikkje at der ikkje finst sideformer til dei. Som mandag, tirsdag, svømme, lav. Når det gjeld "syg", så må eg berre finne meg i det. Og eg byrjar gjere det, òg. Når det er sagt har eg òg problem med "de" - "dykk". På mi dialekt seier vi "dokke". Det gjer ein på jæskla mange andre norske dialekter, òg. Skjerpings, språkråd! Eller?

Elin sa...

Jeg er kanskje sær, men jeg LIKER "symje". :-)

Aina sa...

å symje - sym - sumde - har sumt?

Ståle sa...

Jeg liker måndag og tysdag, jeg. Og forteljing. Men de andre er jeg enig med deg i. Jeg skriver mye nynorsk i jobben, og er egentlig mye mer glad i det enn traurige bokmål. Men så er det nå slik at jeg lettest griper tak i det jeg begynte å skrive den gang da for mange år siden.
Men skulle jeg valgt om igjen nå... Og skulle jeg skrevet nynorsk slik jeg egentlig vil, ville jeg har valgt en variant som er et stykke unna bokmålet. Skal man ha to målformer, får de jommen meg ha særpreg! :-)

Anonym sa...

Det aller mest irriterende nynorskordet er plar. Selv om jeg liker nynorsk.

Aina sa...

Ståle:
Høyrest ut som du burde ta ein Avil (Vårljos) og skifte til nynorsk i bloggen! Ev. variere! Eg trur på deg!

Anonym:
Hehe. Der er eg ikkje einig med deg. Plar er fint. Eg liker plar. Sjølv om det var uvant i byrjinga.

Avil sa...

Eg er sur på forteljing, det er så arkaisk, og eg brukar det så mykje.

Men tysdag er greit, det er trass alt Ty sin dag.

Midifila sa...

Attmed er mitt favorittord.
Måndag får meg til å tenke på det svenske flagget.
De og dykk gjer meg sveitt og rådvill. Dokker, sjå det er noko heilt anna!

Aina sa...

Avil:
Jaudå, Ty sin dag, månen sin dag og sundag for den del. Men asså.

Midifila:
Eg har vel skjønt at du er frå den nordre delen av landet, så dokker - jaudå, det stemmer nok betre!