Humpty Dumpty sat on a wall,
Humpty Dumpty had a great fall.
All the King´s horses, and all the King´s men,
Couldn´t put Humpty together again.
The Big Over Easy
Reading, England: Den kjente kvinnebedåraren og forretningsmannen Humpty Dumpty blir funne død. Tilsynelatande har han falt ned frå veggen i ekstrem alkoholpåverka tilstand, og gått i tusen knas. Men kan det verkeleg vere så enkelt?
Detektiv Jack Spratt i Nursery Crimes Division i Reading-politiet er på saka, som viser seg å vere meir komplisert og få langt større prestisje enn vanlege Nursery Crimes-saker. Korleis hamna den 28 fot lange hårstrået til Rapunzel på åstaden? Korfor blir Tom Thomm funne død i dusjen, og kven drepte Wee Willie Winkie?
Jasper Fforde har gjort det igjen, og denne gongen har han gjort det med barnerim-karakterar. For dei som enno ikkje har lese Thursday Next-bøkene hans, gjer det!, og for dei som har gjort det; les desse! The Big Over Easy er den første boka i serien om Nursery Crimes. Stappfull av litterære referansar, ordspel og humor - som vanleg.
22. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar