23. april 2008

Gjøre godt

Det er morosamt å hoppe frå innsida av det eine hovudet til innsida av det neste, og det neste, og det neste.
Ikkje som fluga på veggen, men som fluga inne i hovuda til folk. Fluga som ser gjennom auget til den eine, så gjennom auget til den andre. Som ser litt av biletet, mange bitar av mange bilete, til slutt kanskje eit heilt bilete? Det er eit puslespel.
Alle dei små historiene eg får lese bitar av, kanskje fleire bitar utover i boka som forklarar meir og viser meir av historiene, kanskje må eg forlate ei historie ufortalt, uforløyst.

Eg har lese omtrent halve boka omtrent i eit strekk.
Eg klarer ikkje legge henne ned.
Eg forstår godt korfor Trude Marstein fekk Kritikerprisen for denne då ho kom i 2006.
Forstår det utruleg godt.

2 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Den er praktfull, denne boken. Utrolig at en så fragmentarisk beretning kan henge så godt sammen. Og da jeg leste denne ble jeg nok en gang minnet om hvor gode observatører gode forfattere er.

Aina Basso sa...

Eg har no kun 100 sider igjen, og kan seie meg einig i det du skriv der!

Eg lurer mest på korleis forfattaren har gått fram reint praktisk når ho skreiv boka. Viss eg møter henne ein gong, skal eg jammen spørre om akkurat det. Ser for meg ein vegg full av små gule lappar, og eit digert tankekart med masse sirklar som tek borti kvarandre, og namn og piler.

I dag fekk eg forresten vite at eit medlem i lesesirkelen vår har sabotert boka etter åtti sider. Eg spurte korfor, og han sa det var fordi lesinga ikkje gav han nokon ting. Det var banalt, trivielt.
Ja, sa eg. Det er både banalt og trivielt og smått og stort. Men slik er livet, slik er menneska. Vi er banale og trivielle, og nettopp det at forfattaren tek med det banale og trivielle i forteljinga, og ikkje berre vil omgå det og fortelje utelukkande store historier om store menneske, synest eg er ein av styrkane i boka. Og litt av grunnen til at eg liker henne så godt.

Vi måtte berre bli einige om å vere ueinige.