Eg les Gjøre godt, og tenker på kva det er som gjer at eg liker akkurat denne boka så godt, korfor eg ikkje klarer å legge henne ned.
Det same som gjer at eg liker denne boka så godt, er kan hende ein av grunnane til at mange andre ikkje liker denne boka og andre slike bøker. Det er det fragmentariske i forteljinga. Denne fragmentariske forteljinga gir meg same kjensla som låten Sveve over byen av DeLillos. Det handlar om ei kjensle:
Jeg ønsket å fly ned trappen
og ut på gaten
og opp i luften
Høyt over hus og trær
jeg steg til værs
og så ned på byen
Det same som gjer at eg liker denne songen så godt, og Mrs. Dalloway og To the Lighthouse av Virginia Woolf, og Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov, eller byrjinga på filmen Chocolat, for den del, er dette med å sjå verda frå andre kantar, frå fleire kantar, frå kantar eg aldri vil ha mulegheita til å sjå verda frå i det verkelege, tørre, realistiske livet. Og eg har alltid ønska å sjå verda frå andre kantar enn min eigen.
Sjå verda frå lufta, - å, kor eg elskar å flyge!, - sjå verda gjennom andre sine auge, lese andre sine tankar, vere eit dyr, vite kva fuglane snakkar om, sjå gjennom auga til spedbarnet, forflytte meg til ein annan tidsalder og oppleve verda for hundrevis av år sidan.
Alle desse umulege tinga, som berre forteljingane kan opne for meg.
Eg elskar Gjøre godt av same grunn som eg elskar å lese. Gjøre godt har det som gjer litteratur magisk for meg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Jeg er så enige med deg. Noe av det fantastiske med å lese er å få sett verden fra helt andre vinkler. Det er helt enkelt givende.
Dette er første bok på lista mi etter Balansekunst som jeg koser meg med nå! Jeg har mye å glede meg til. Hurra!
Så flott, Kari!
Og du; la oss vere entusiastiske! Hipp hurra for entusiasme! Det finst ingenting betre!
Jeg likte den også veldig godt, men jeg forleste meg på den, og har aldri klart å komme meg helt gjennom. Det ble litt som når man spiser for mye sjokolade. Plutselig sier det bare stopp og så frister det ikke lenger. Men boka er god den, altså! Like god som sjokolade.
Jeg leser forresten "Sterk sult, plutselig" kvalme av marstein nå, og liker også den veldig godt. Den har mye av det samme som Gjøre godt, men mangler sammenhengen mellom fortellingene. Historier, ikke roman. Men også verdt å lese.
CM:
Eg kan forstå den, men sjølv klarte eg ikkje å forlese meg.
Har planar om å lese "Sterk sult, plutselig kvalme", og no spratt ho plutseleg lenger opp på lista mi!
Legg inn en kommentar