10. oktober 2008

Persuasion

Det kom ei ny filmatisering av Jane Austens roman Persuasion i fjor. Eg har lenge hatt 1995-filmatiseringa på dvd, og liker den veldig godt. I går såg eg 2007-versjonen.

Persuasion (norsk: Overtalelse) handlar om Anne Elliot. Anne er ikkje verken særleg interessant eller særleg vakker, iallfall ikkje ifølgje dei overflatiske slektningane sine, den sjølvopptekne faren og søstrene. Vi får tidleg vite at ho åtte år tidlegare hadde eit forhold til ein kjekk, ung marineoffiser ved namn Wentworth, men at ho blei overtalt av gudmora Lady Russell til å takke nei til frieriet hans, og ikkje kaste seg vekk på ein ung marineoffiser "without expectations" - altså utan noko formue i sikte.

Åtte år seinare er ho framleis ugift, ho er 27 år og det byrjar spøke for sjansane for eit godt giftarmål. Men så dukkar kaptein Wentworth opp på ny. Han har slått seg opp ei stor formue under krigen, men han har enno ikkje tilgitt Anne for at ho let seg overtale til å avslå frieriet.
Needless to say - ein romantisk intrige følgjer!

Eg veit ikkje kva for ei filmatisering eg likte best. 1995-versjonen er nok ikkje like estetisk vakker som 2007-versjonen, og eg liker både Sally Hawkins og Amanda Root i rolla som Anne. Eg liker nok betre Ciarán Hinds (Julius Cæsar i Rome) i rolla som Wentworth, og eg synest ein del av karakterane i 1995-versjonen er betre gestalta. Likevel vil eg seie det er relativt daudt løp mellom dei to versjonane. Begge er fine, og utfyller kvarandre, då den nye fokuserer på litt andre aspekt ved historieforløpet, litt andre detaljar og scener er med. Og det var veldig hyggeleg å sjå denne filmen. Det er ingenting som ein kveld med Jane Austen.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg har ikke turt å se denne fordi jeg likte den eldre versjonen så godt. Men kanskje jeg tør likevel nå. Blir aldri lei av Jane Austen!

Aina sa...

Eg likte iallfall denne veldig godt. Nydelege fargar, duse, og ho som speler Anne speler veldig godt. Eg likte særleg dei små detaljane som gjorde at eg skjønte sinnsstemninga og situasjonen utan at det blei forklart: Som byrjinga der Anne går raskt rundt i huset og skriv liste over inventaret, hektisk stille, berre lyden av pusten hennar fortel kva ho føler.

Lille søster sa...

Da spørs det om ikke dette blir helgefilmen. Gleder meg!

Aina sa...

Kos deg! Eg håper verkeleg du ikkje blir skuffa!

kristine sa...

Her er jeg fryktelig uenig. Jeg synes 2007 versjonen var meget vulger og kommer til å holde meg langt borte fra å se den en gang til. Sally Hawkins mangler totalt Anne Elliots stilltiende skjarm. Anne er en person som tenker mye, men når det gjelder å handle tenker hun alltid på andre og ikke på seg selv. Denne versjonen har en alt for aktiv Anne. Hun nærmest kaster seg etter Captain Wenthworth og det ville aldri Jane Austens Anne gjøre. Jeg synes Sally Hawkins' Anne Elliot minner mer om Lydia Bennet i barnslighet og pågåenhet.

Så hvis man liker boka og/eller 1995 versjonen ville jeg holde meg unna 2007 versjonen. 1995 versjonen er mer tro mot boka.

Det eneste jeg likte var en ufyselig Sir Walter Elliot spilt av Anthony Head.

Avil sa...

Oooohhh! *glede seg*

Elin sa...

Har sett den gamle versjonen, men jeg tror faktisk jeg har sett denne også? Litt usikker... Uansett, Jane Austen kan ikke gjøre en filmkveld dårlig. ;-)

Aina sa...

Kristine:
No synest eg du overdriv litt. Ho er då knappast på Lydia Bennett-nivå! 2007-versjonen er kan hende ikkje like boktru som 1995-versjonen, der kjem eg til kort etter å berre ha lese boka ein gong, men eg likte han likevel. Som sagt.

Avil, Elin, Kristine:
Eg synest det er kos å sjå filmatisert Jane Austen (+ andre tidsriktige kostymedrama) nesten uansett. Dei einaste eg ikkje klarer er 70-talsversjonane av Emma og (er det) Pride & Predjudice (?).