8. april 2008

Meir om lesing

I går på senga las eg eit par kapittel i Northanger Abbey av Jane Austen.

Som nokre kanskje hugsar, var eg litt skeptisk til denne boka på førehand. Og denne skepsisen viser seg, no som eg er halvvegs i boka, utelukkande å vere basert på åttitals-filmatiseringa eg har sett, og ikkje på sjølve verket.

Northanger Abbey er svært humoristisk skriven, med Austens karakteristiske ironiske betraktning av karakterane, heltinna inkludert. Det er ganske enkelt fornøyeleg lesing. Riktig hyggeleg, er det. Og tilrådast på det varmaste til alle som kjenner behovet for litt lett, morosam og intelligent underhaldning no på vårkvisten.

3 kommentarer:

KariE sa...

Høres fristende! Jeg merker meg denne.

kristine sa...

Så hyggelig at du liker den. Jeg mener Jane Austens humor kommer frem på sitt beste i boka. Plottet kan skal man kanskje ikke si for mye om, men karrakterene og skrivemåten er fornøyelig.

Aina Basso sa...

Det kan eg seie meg einig i.
Og karakterane og plottet er jo uansett veldig ... hyggeleg lesing, då!