11. juni 2008

Northanger Abbey anno 2007

Eg har gløymt å fortelje at eg har sett den nyaste filmatiseringa av Jane Austens Northanger Abbey. Eg har tidlegare skrive dette og dette og dette innlegget om Northanger Abbey, og er no klar for å samanlikne bok med film med film frå 1986.

Vel, kort sagt kan ein vel oppsummere det heile med følgjande konklusjon (med underpunkt):

2007-versjonen er betre enn 1986-versjonen, fordi

1. Han manglar teit åttitals-synthmusikk og eterisk song
2. Skodespelarane er mindre karikerte
3. Bruken av effektfull skodde og skumle draumebilete er i høg grad minimert
4. Han er meir boktru
5. Den mannlege hovudpersonen har a) sjarm og b) han sveittar ikkje i heile andletet gjennom heile filmen
6. Den kvinnelege hovudpersonen har a) sjarm og ynde og b) ser passe ung og uskyldig ut
7. Han har meir humor
8. Eg blei ikkje noko irritert av å sjå han, faktisk levde eg meg inn i forholdet mellom hovudpersonane
9. Filminga er betre
10. Kostymene og sminken ser meir riktig ut

6 kommentarer:

kristine sa...

Enig med alt.

Sesselja sa...

Jeg er ikke så begeistret for Austen, men er litt fristet til å se denne likevel, kun fordi jeg har tilbrakt et år i vakre Bath. Grunn god som noen. :)

Aina sa...

Eg har lyst til Bath!
Hovudsakleg pga Jane Austen, må eg innrømme :)
Korleis var det der?

Sesselja sa...

Jeg trives veldig godt der. Det er vakkert, historisk, og med mange bra butikker. Sentrum er lite, så alt er i gangavstand, noe jeg synes er koselig. Hadde det ikke vært for at husleia var høy (og boligprisene utenfor ethvert håp) og lønna lav, kunne jeg godt tenkt meg å bli boende der. Men sånn ble det ikke. Nå sitter jeg i eget hus i Suburbia i stedet. ;-)

Aina sa...

Høyrest jo ikkje så verst ut, det heller, då! Skulle gjerne hatt eit hus i Suburbia, eg. Sånn... med tid og stunder!

Bath høyrest absolutt ut som eit framtidig reisemål! Takk for info!

Caroline sa...

Filmen er innspilt i Irland så da er det ingen grunn til å se den haha. Eeeeeelsker denne filmen.