10. juni 2008

Om å skrive igjen

I går skreiv eg igjen.
Eg har lengta slik etter å skrive den siste månaden.
Det er ikkje alltid så dumt å ikkje ha høve til å skrive når som helst. Det kan vere bra å bygge opp ein viss trong til det, eit trykk.
Eg visste ikkje kva eg skulle skrive, då eg opna dokumentet på søndag.
Men det kom fort tilbake.
Plutseleg hadde eg så mykje å skrive, hadde samla så mykje stoff og notatar dei siste månadane eg ikkje hadde fått brukt.

No tenker eg på forholdet mellom karakterane når eg går til jobb om morgonen.
Eg tenker på personlegdomen deira, på kva boka eigentleg skal handle om.
Og så lurer eg på kva veg det heile vil ta.
Og kjenner meg litt lykkeleg av heile greia.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hurra, hurra! :)

Avil sa...

Åh, honeymoon med ny bok!

Aina Basso sa...

JA!
Det er s� herleg. Og uforpliktande!