23. november 2007

Oppusing


Eg er for tida på jakt etter ei ny leilegheit, og ein ivrig besøkande på finn.no/eiendom.

Det blir sjølvsagt til at ein ser på litt av kvart, og særleg store, billege leilegheiter med påskrifta "moderniseringsbehov" lokkar meg til seg, sjølv om eg så klart aller helst vil ha noko eg kan flytte rett inn i. Eg har bestemt meg for kva eg er ute etter, maks pris, område (det blir definitivt ikkje på vestkanten denne gongen, av fleire openberre grunnar, m.a. pris) og minimumskrav. Eitt av desse minimumskrava er sør- eller vestvendt balkong.

Så kom eg over ei annonse som opplyste at "oppusing" var naudsynt. Som den merksame lesar vil merke seg, er det ein stavefeil i dette ordet. I staden for to s-ar, som i ordet "puss", er det ein s, som i ordet "pus". Leilegheita må altså pusast opp.

Kanskje er der mange leilegheiter der ute som hadde hatt godt av litt oppusing? Fløyel, plysj, pels og skinnfellar, mjuke puter og tepper?
Det gjeld berre å finne rette pusen for jobben.

Ingen kommentarer: