23. november 2007

Meir Miyazaki

Kodama
Eg har tidlegare uttrykt min entusiasme over dei japanske animé-filmane til Hayao Miyazaki; Chihiro og heksene og Min nabo Totoro.

No har eg sett endå ein film av han og Studio Ghibli, nemleg Princess Mononoke. Det er vel ikkje særleg overraskande at eg også likte denne filmen veldig godt. Det einaste negative var at den engelske teksten fleire gongar falt bort, slik at det til slutt vart vanskeleg å sjå filmen med japansk tale.

Eg likar det overnaturlege aspektet ved desse filmane, det eg vél å tru er bygd på tradisjonell japansk folketru. Det er gudar og demonar, det er snakkande dyr, og det er mykje som er vakkert og trist og fint, og mykje som er spennande. Også i denne filmen er det ein stor skog med store tre, og rare vesen ein berre må la seg fascinere av. Det er også ein samfunnskritikk i denne filmen, ein kritikk av forbrukarsamfunnet, av grådigheita til menneska, av øydelegginga som følgjer begjæret etter pengar.

Eg kjem til å sjå fleire filmar av denne regissøren, og frå dette animasjonsstudioet.

Ingen kommentarer: