25. november 2007

Plass til meir

I natt las eg ut Skammarens dotter.
Det var ei spennande bok. Både for meg og for ungdom. Men eg trur nok meir herda spenningsboklesarar vil synest det er hakket for lett. Berre ikkje eg. Eg er ikkje så herda.

Det er ei veke igjen til lesesirkelmøtet om Mesteren og Margarita, og det er på tide å sette inn nådestøytet og få lese ut boka. Eg har 250 sider igjen. Best å sette opp farta. Boka fengar meg framleis, så eg ser ikkje mørkt på oppgåva.

Snart må eg finne nye bøker. Eg har kjøpt Historikeren av Elizabeth Kostova, i eit anfall av lengt etter ein historisk underhaldnings- og spenningsroman. Kanskje blir det årets juleferiebok? Eg har også lyst til å lese neste bok om skammarjenta. På nattbordet ligg også to bøker på vent. Roman 1987 og A Study in Scarlet. Eg får sjå om eg gidd. Kanskje eg går vidare. Kanskje eg les Krinsereglane.
Det er kjekt med plass til nye bøker.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du bør lese resten av Skammarserien også, syns faktisk den tredje av de bøkene er den beste :)

Aina sa...

Det høyrest bra ut. Eg hadde faktisk tenkt det allereie :)