27. oktober 2007

Edmund Austigard i postkassa og bokteltet

Sommarleg Austigard
I dag var eg innom Bok i (Oslo) sentrum.

Eg kom midt mellom to arrangement, så det blei til at eg kun såg siste tre minutta av innslaget i Saras telt, der mellom andre Ebba Haslund og Edmund Austigard hadde vorte intervjua. Eg fekk ikkje med meg sjølve pratinga, men kom tidsnok til å høyre siste del av det musikalske innslaget, som Edmund Austigard andektig lytta til med lukka auge, og Ebba Haslund nikka det søte, kvithåra hovudet i takt til, tydeleg nøgd.

Eg såg Edmund Austigard etterpå. Han stod og snakka med ei ung kvinne, smilande, verka sympatisk. Eg visste at eg skal lese den nye boka hans snart. Eg tenkte på det medan eg betrakta han. Eg tenkte på at eg skal gi ut bok på same forlag som han, på at vi kanskje kjem til å helse på kvarandre ein dag om ikkje altfor lenge.
Eg såg også Margit Walsø, forlagssjef i Samlaget og forfattar. Henne kjem eg også til å helse på (igjen), men då eg gjekk forbi henne i teltet, møttest ikkje blikka våre, og ho visste ikkje kven eg var. Kanskje kjem eg til å vere ein av debutantane som deltek på Bok i sentrum neste haust. Slike tankar gjorde eg meg, der eg tusla rundt mellom bokstablane. Etterpå gjekk eg innom Paleet og såg på alle dei dyre butikkane. Eg har allereie bestemt meg for at eg skal kjøpe ein flott kjole til lanseringsfesten min. Ein kjole eg elles ikkje ville tatt meg råd til. Kanskje frå ein av butikkane i Paleet.

Då eg kom heim låg Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu i postkassa. Akkurat no ligg ho på salongbordet mitt. Eg har skrive namnet mitt heilt fremst. Snart skal eg opne henne og byrje å lese.

2 kommentarer:

kristine sa...

Jeg hørte P2-programmet med Haslund og Austigard og synes de gjorde en god figur begge to. Jeg fikk lyst til å lese begges bøker.

Jeg pleier å ligge litt lavt i terrenget når det gjelder Bok i sentrum, for det er så veldig, veldig mye folk, men er du der til neste år lover jeg å stille opp!

Aina sa...

Det var definitivt for mykje folk til at eg orka å vere der lenge eller presse meg inn på eit arrangement, men det var hyggeleg å gå innom.

Kjekt å høyre at du stiller dersom eg blir ein heldig utvald neste år ;)