26. oktober 2007

Bok i sentrum

Det er oktober og på ny tid for Bok i sentrum i Oslo.

Bokklubben reklamerar med at publikum får møte 150 forfattarar og at dei har 100 arrangement på 4 dagar.

Eg var der i fjor. Då fekk eg mellom anna med meg eit morosamt scrabble-spel mellom Helene Uri og Knut Nærum, og ei boksignering av Erik Fosnes Hansen. Eg får vel ta meg ein tur i år også. Kanskje i morgon eller søndag, eller begge dagane. Det kan jo vere morosamt å berre gå rundt og kike. Her er programmet, om du skulle vere interessert. Ein del av arrangementa blir også sendt direkte på NRK.

Ingen kommentarer: